Store Ringheim Hotel
Hotell | Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Hotellet, som ligg 1,2 km frå Voss sentrum, har 15 unike og komfortable rom. Romma er fordelt på «Gardshuset» og «Reiskapshuset». Husa er fint restaurerte og alle romma har store flislagde baderom med dusj som ein ventar å finna i eit moderne hotellrom.
Romma i «Gardshuset» er dei historiske romma. Der er tømra synleg og ein kjenner det historiske suset i veggane. Eitt av romma er ei meir enn 300 år gamal årestove som er restaurert attende til fordums prakt. I «Reiskapshuset» er det nye moderne rom, nydeleg dekorert i same stil som elles på hotellet.
Hotellet har også ein flott restaurant i det gamle fjøset, FLOR'N, som spesialiserer seg på rettar laga på lokale råvarer.
Fasilitetar og tenester
-
BeliggenhetI nærleiken av fjell Nært naturen På landsbygda Fjellutsikt
-
Generell informasjonAntall etasjar 2 Antall rom 15 Antall barar 1 Check-out (seinast) 12:00 24-timars innsjekking
-
Generelle fasilitetarKaffemaskin/vannkoker Gratis Wi-Fi Hårfønar Restaurant Enkeltseng TV Dobbelseng
-
Fritidsfasilitetar på områdetVandrestiar
-
Spesielle kravBabyseng tilgjengeleg Barnevennleg Førarhund tillete Handikapvenleg Allergitilpassa Røykfritt
-
ParkeringParkering for buss Utandørs parkering (gratis)