Trugetur på Hanguren - Wild Voss

Address: 5700 Voss Dato: Søndag 15 des 2019 - tysdag 21 apr 2020 Vis kart

Address: 5700 Voss

Truger gjer det mogleg å vandra lettvint gjennom djupsnøen og nyta vinterlandskapet. Bli med Wild Voss sin guide på ein rundtur på toppen av Hanguren, like utanfor Voss Resort sine skiløyper.

Når me går av stolheisen, er me midt i eit flott fjellterreng med glimdrande utsikt over Voss og fjella omkring!

Turbeskriving:
Trugeturen på Hanguren er eit godt alternativ for deg som ynskjer ei frisk vinteroppleving i vakker natur - utan ski på beina. Me tilpassar turplanen til gruppa sine ynskje, og tek berre med oss små grupper. Dette er ein teknisk enkel og familievenleg tur. Om du er av den leikne typen, vil du kanksje nytta høvet til å leika i snøen, skli ned små skrentar, grava ei snøhole, klatra i eit tre eller fylgja rypespora!

Møt guiden din utanfor billettluka i Voss Resort. Guiden går gjennom klede og utstyr, og syrgjer for at alle er utstyrt og klare for ein trugetur til fjells. Vår guide utstyrer deg med ekstra klede og varmt fottøy ved behov. Me bruker stolheisen til å nå startplassen for trugeturen, på toppen av Hanguren. Her oppe er det ofte sur vind, så du set fort pris på dei gode og varme kleda.

På våre trugeturer vil guiden gjerne hjelpa deg med å få auka kunnskap om vinterfriluftsliv. Kanskje du vil læra å fyra bål med éin fyrstikk? Eller tilbereda enkel mat på bålet? Guiden fortel gjerne om naturen og nærområdet som me ferdast i, og vil sjølvsagt sjå til at du held varmen undervegs.

I sekken har guiden med seg lokalprodusert mat som vert laga på leirbålet. Bålkjelen sørgjer for varm drikke til alle. Om været er dårleg, går me saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du vil raskt oppdaga at tida ved bålet gjev deg anledning til å nyta stillheita i skogen - langt frå kvardagen.

Me returnerer til heisanlegget og tek stolheisen ned til startplassen vår. Heisturen ned er både luftig og morosam! Me leverer utstyret og tek gratis buss attende til Voss stasjon.

Sesong:
Turane vert arrangert så lenge heisanlegget i Voss Resort er ope. 2019. Sesongen startar som regel i midten av desember og varar til slutten av april.

Praktiske detaljar:
Møt opp utanfor billettluka i Voss Resort Bavallen klokka 10.15. Det går gratis skibuss til Voss Resort frå Voss jernbanestasjon klokka 9.10 og 10.00 kvar morgon. Denne gratisbussen korresponderar med toga frå Bergen.

Me returnerer til Voss jernbanestasjon med gratis skibuss klokka 14, 15 eller 16.

For din sikkerheit og komfort tilbyr me fylgjande utstyr utan ekstra kostnad:
- Varme vinterstøvler med høg kvalitet
- Ullklede som vottar, lue, ullhenser, ullhals og ullsokkar
Du står fritt til å bruka eigne klede og sko på turen, så lenge guiden vurderer dei som gode nok.

Krav til deltakarar:
Dette er ein enkel, kort og familievenleg tur. Turen passar for friske deltakarar som har lyst å tilbringa litt tid ute i vinterfjellet. Turen går i fjellterreng, så vêret kan vera surt og kaldt. Du treng ingen tidlegare erfaring frå trugeturar eller turar i vinterfjellet. Returen med stolheisen kan opplevast som luftig for dei som har høgdeskrekk.

På turen treng du fylgjande klede:
- Langt ullundertøy
- Varme ullsokkar
- Vind- og vanntette klede (skallklede)
- Lue
- Hanskar eller vottar
- Solbriller
- Det er lurt å ta med ein liten ryggsekk, ei vannflaske og litt tursnacks

Storleik på gruppene:
1-12 deltakarar.

Inkludert i prisen:
- Fylgje av ein erfaren guide på heile turen
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke - laga på leirbålet
- Truger og skistavar
- Varme støvlar (ved behov)
- Ubegrensa tilgang til ekstra varme klede, til dømes vottar, lue, ullgenser, ullhals og ullsokker
- Alt naudsynt sikkerheitsutstyr
- Heiskort

Ikkje inkludert i prisen:
Eksterne transporttenester. Me kan ordna transport ved behov. Ekstra kostnader vil påløpa.

Litt om ansvarleg turisme og berekraft:
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minska det økologiske fotavtrykket til turane og aktivitetane våre. Me fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turar kan du vera trygg på fylgjande;
- Me ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Me benytter utslippsfri infrastruktur når det er mogleg
- Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidrar ikkje til auka klimagassutslipp, og medfører minimale konsekvenser for økosystema rundt oss.
- Guiden din deler sin kunnskap om lokal natur, kultur og stadene me besøkjer
- Me støtter ansvarlege lokale bedrifter
- Guiden din vil framsnakka varsom og naturvenleg ferdsle og auka bevisstheita di om lokalt dyre- og planteliv
- Me følgjer lover og reglar for ferdsle i fri natur og i kulturlandskap
- Me jobbar for å minimera avfall, og velgjer derfor produkt og emballasje med lang levetid.​

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Pris fra
    1290 NOK Vaksen
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 2,2 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 2,2 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg i servicebygget vårt Bavallstunet, 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 2,2 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.