Myrkdalen Fjellandsby

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand Dato: Onsdag 11 sep 2019 - torsdag 31 des 2020 Vis kart

Address: Klypeteigane, 5713 Vossestrand

Eitt av dei største skisentra på Vestlandet – med familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper, herleg off-piste terreng og langrennsløyper.

Myrkdalen ligg i Voss Kommune, berre to små timar frå Bergen. I Myrkdalen fell det meir snø enn nesten nokon annan plass i Europa. Det gjer destinasjonen til ein ynda plass for skientusiastar, frå dei aller minste som leikar seg i barneområdet, til dei som likar velpreparerte løyper og urørt pudder.

Myrkdalen er eit familievenleg skisenter med 22 varierte løyper og ni heisar, og har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar og herleg off-piste terreng. Skisenteret har totalt ni heisar fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste.

Løypenettverket er samanhengande, med totalt 22 varierte løyper i alle vanskegradar. Til saman byr Myrkdalen på 28,5 km med preparerte løyper. Løypene er breie og oversiktlege – Myrkdalen er difor ein ypperleg plass å læra seg å stå på ski. Treng ein skiundervisning eller å leiga ski har skiskulen og skiutleiga i Myrkdalen eit breitt utval av aktivitetar, kurs og utstyr.

Barneområdet har totalt to tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband og fire varierte grøne løyper. Barneområdet ligg i sjølve basen av skisenteret, med enkel tilkomst frå parkering og Myrkdalen Hotel.

Langrenn, fjellski og topptur:
For dei som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia rett over vegen for skisenteret. Her er det preparerte løyper og 5 km lysløype - perfekt for dei som vil ta ut den siste energien med ei kveldsøkt. Områda rundt Myrkdalen byr også på eit flott terreng for fjellski og toppturar.

Overnatting:
På Myrkdalen Hotel eller i hytter og leiligheiter. Sjå under "overnatting" for bestilling og meir informasjon.

Vis meir

Anledning

Dato    
18 Sep
Onsdag 18 sep 2019
19 Sep
Torsdag 19 sep 2019
20 Sep
Fredag 20 sep 2019
21 Sep
Laurdag 21 sep 2019

Om denne aktiviteten

  • Telefon
    +47 47 47 16 00
  • Kontakt på e-post
  • Nettsted
  • Opening hours
    Skisesongen startar som regel i midten av november og varar til slutten av april, avhengig av vêr og føre.
Hotell

Myrkdalen Hotel

Avstand: 76 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på fjellturar i alle utgåver, sykkelstiar, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 23 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 23 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.