Isfiske

Dato: Onsdag 12 feb 2020 - onsdag 26 feb 2020

Onsdagar i vinterferievekene kan du bli med på isfiske på Lønavatnet med vår dyktige guide Ingvild Aurdal. Isfiske er ein kjekk aktivitet for alle aldrar!

Du kan bestilla dette produktet med eller utan transport

TILGJENGELEGE DATOAR
Onsdag 12. februar
Onsdag 19. februar
Onsdag 26. februar
Produkta kan bestillast online innan dagen før.

ISFISKE MED TRANSPORT: KR 550
- Oppmøte på Myrkdalen Hotel kl 10.00
- Tilbake på Myrkdalen Hotel kl 16.00
- Bestilling innan dagen før
- Inkluderer guide og utstyr

ISFISKE UTAN TRANSPORT: KR 500
- Oppmøte ved Smalahovetunet kl 10.30
- Avslutning ved Lønavatnet ca kl 15.15
- Bestilling innan dagen før
- Inkluderer guide og utstyr

BEKLEDNING
Ta på varme og vasstette klede for å vera ute ein lang vinterdag. Me anbefalar ullundertøy, mellomlag og vass/vindtett jakke og bukse, gode og varme vintersko, varm lue, hals og vottar. Har du dunjakke anbefalar me dette også.

MAT OG DRIKKE
Ta med mat og drikke. Me anbefalar også å ta med varm drikke.

NB!
Aktiviteten kan bli avlyst dersom det ikkje er trygg is på vatnet.

Vis meir

Bestill no

Velg startdato:
Aktivitet Totalpris
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails