Fjellski for alle - Wild Voss

Address: Skjerpetunet 8, 5710 Skulestadmo Dato: Fredag 3 jan 2020 - måndag 20 apr 2020 Vis kart

Address: Skjerpetunet 8, 5710 Skulestadmo

Denne turen passar perfekt for deg som ønsker ein kort og enkel guida skitur i venleg fjellterreng. Me tar toget til Mjølfjell og drar på ein 3 timers tur med ski på beina. Guiden din sørger for at du får ein hyggeleg turoppleving, med høve til å trene på grunnleggande skiferdigheiter. Det blir god tid til skileik og moro undervegs. Denne dagsturen inkluderer kvalifisert guide, togreise, måltid og skiutstyr.
Alt du må ha med sjølv er gode vinterkle og godt humør.

Vår base på dagen er Mjølfjell Mountain Lodge, like nedafor Ørneberget stasjon. Der har vi vårt lager av skiutstyr, og der samlast vi og gjer oss klare til skitur. Vi følge løypene nedover mot Mjølfjell, eller går langs Rallarvegen mot Uppsete. Turterrenger er enkelt, distansene små, og omgjevnadene vakre. Etter turen samlast vi i peisestua, slappar av ved varmen frå peisen, og nyt eit rykande varmt måltid.

Fridtjof Nansen la nokre av sine sagnomsuste skiturar til fjella nær Mjølfjell for over 130 år sidan. På veggane i peisestova heng maleri frå nokre av Nansen sine polare turar. Mens du nyt varmen frå flammene vil du få høyre meir om Nansens turer og eventyrlege liv.

Mjølfjell Mountain Lodge er heimstaden til Voss Kaffibrenneri. Vi nyttar oss av høvet til å smake kvalitetskaffi før ein reiser attende med toget.

Mjølfjell ligg i Raundalen, omtrent 35 kilometer aust for Voss. Raundalen er for mange ei ukjent perle av eit turområde. I dalbunnen renn den verna Raundalselvi, som snirklar seg gjennom trange juv og skogkledte myrområder. Snødekte fjell og bratte, skogkledte fjellsider omkransar dalen på begge sider. Bergensbanen går gjennom Raundalen, og opner for utslippsfri og lettvint reise til og fra Mjølfjell.

Sesong
Turer arrangerast dagleg på forespørsel fra 3.januar til 20.april 2020.

Praktiske detaljer
Møt opp utanfor Tre Brør Kafé nær torget på Voss kl 9.30. Der helsar vi på kvarandre og tek ein utstyrsgjennomgang før vi går til togstasjonen. Toget til Ørneberget går kl 10.00. Vi er tilbake på Voss omkring kl 16.30.
Du står fritt til å bruke eige kle, sko og ski på turen, så lenge guiden vurderer dei som gode nok.
Krav til deltakere
Dette er ein teknisk enkel og familievenleg tur. Turen passar for friske deltakarar i normal fysisk form, som har lyst på en kort og triveleg skitur. Turen går i hovedsak i åpen fjellbjørkeskog med fjell på alle kanter. Været kan vere både friskt og kaldt, så gode kle er ein føresetnad. Du trenger ingen tidligere erfaring fra skiturer.

Kle og utstyr
På turen treng du følgande påkledning:
• Langt ullundertøy.
• Varme ullsokkar.
• Vind- og vanntette kle (skallbekledning).
• Varme og vanntette vintersko/vinterstøvlar.
• Hue.
• Hanskar eller vottar.
• Ein ekstra tjukk gensar, fleece eller dunjakke.

Det er lurt å ta med ein liten ryggsekk, ein vatnflaske og litt tursnacks.

Priser og vilkår
Prisen for vaksne er kr 1890 per person. Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 1290 per person. Nedre aldersgrense er 8 år.
Gruppestørrelse: 1-10 deltakarar. Vi gjennomfører turen sjølv med små grupper.

Inkludert i prisen:
• Leiing av en erfaren og kunnskapsrik guide på hele turen.
• Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – servert i peisestova.
• Fjellski, skistaver og snøbriller.
• Tilgang til innendørsfasilitetene ved Mjølfjell Mountain Lodge.
• Ubegrensa tilgong til ekstra varme kle, for eksempel vottar, hue, ullgensar, ullhals og ullsokkar.
• Alt nødvendig sikkerhetsutstyr.
• Togbillettar Voss-Mjølfjell t/r.

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Kampanjekode?
Velg dato:

Om denne aktiviteten

Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 559 meter
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 559 meter
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 559 meter
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og 100-500m frå skiheisen.
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails