Voss Resort

Address: Bavallsvegen 227, 5710 Skulstadmoen Dato: Tysdag 3 mar 2020 - søndag 19 apr 2020 Vis kart

Address: Bavallsvegen 227, 5710 Skulstadmoen

Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter. Her finn du heile 40 km med preparerte løyper for alle nivå i tillegg til fleire spanande off-piste område. No kjem det du deg direkte frå togstasjonen og opp til skianlegget på under 9 minutt.

Variert terreng og løyper for alle:
I Voss Resort finn du 11 heisar og 24 løyper av ulik vanskegrad, frå enklare bakkar for nybyrjarar til krevjande terreng for dei beste. Her finn du mellom anna ei internasjonal storslalombakke og ei SuperG-løype. Skisenteret har 40 km preparerte løyper, ein terrengpark, skicrossløyåe, 3 barneområder, preparerte langrennsløyper og 4 varmestover med serveringstilbod. I anlegget finn du og skiskule, skiutleige og afterski.

Voss Resort ligg nært tilknytt Voss sentrum og det er lett å koma seg opp til skianlegget. Du kan no reisa grønt for å koma deg til fjells, med tog og gondol! Når skianlegget er ope tek du gondolen til topps frå togstasjonen, uansett kva dag det er. Gondolen har 9 kabiner med rom til 34 personar i kvar kabin, og går kontinuerleg. Gondolen har god plass! Alle skikorta til Voss Resort (med unntak av toppturkrot og enkelttur-skikort) inkluderar gondolbillett

Langrenn og toppturar:
Du finn 18 km preparerte, familievennlege langrennsløyper tilknytt skiområdet.
For det meste er løypene flate, med noko kupert terreng innimellom.
* Ljosløypa: 6 km
* Raugstadløypa: ca 3,5 km
* Turløype til Raudekross hytta: ca 8,5 km
Lønahorgi (1411 moh) er ein populært toppturdestinasjon og ligg berre ein liten gåtur frå skianlegget.

For borna:
Voss Resort har tre område for dei minste; Grebbesbakken, Badnakrokjen og Trollbakken. Grebbesbakken og Trollbakken er gratis. I helgar, høgtider og feriar vert det arrangert skirenn i Trollbakken og Badnakrokjen. Det kan og hende at Grebbe Hangur, trollet som bur på fjellet i Voss Resort, kjem på besøk innimellom.

I Voss Resort finn ein og ein eigen skiklubb for borna: Grebbe skiklubb! Skiklubben gjev medlemmar gode tilbod og kjekke medlemsfordeler.

Kveldskøyring:
Voss Resort har kveldskøyring kvar tysdag, torsdag og fredag. Dei har meir enn 10 km ljossette løyper i både grøn, blå, raud og svart løype.

Overnatting:
Hjå Voss Resort kan du overnatta i hytter eller leilegheiter. Sjå meir og bestill under "overnatting".

Heile 10 km med lysløyper i både grøn, blå, raud og svart løype!

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
5 Apr
Søndag 5 apr 2020 09:30 - 15:30
6 Apr
Måndag 6 apr 2020 09:30 - 15:30
7 Apr
Tysdag 7 apr 2020 09:30 - 15:30
8 Apr
Onsdag 8 apr 2020 09:30 - 15:30

Om denne aktiviteten

  • Telefon
    +47 47 00 47 00
  • Opening hours
    2.desember - 22.januar: 09.30 – 15.30 (NB: 24.desember 09.30-14.00, 25.desember 11.00-15.30) 23. januar – 19. april: 09.30 – 16.00 Åpningstider jul: 24.desember: 09:30 - 14:00 25.desember: 11:00 - 15.30 Kveldskøyring: Dato for oppstart kjem – 20. mars Ingen kveldskøyring 24., 26. og 31.desember Tirsdag: 15:30/16:00 - 20:00 Torsdag: 15:30/16:00 – 20:00 Fredag: 15:30/16:00 – 21:00
  • Linker
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 329 meter
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved resepsjon, og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 329 meter
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 329 meter
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Build: 31.03.2020 12:59:26, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails