Klatre- & ziplinepark - Voss Active

Address: Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo Vis kart

Address: Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo

Voss Klatre- & Ziplinepark ligg i naturskjønne omgjevnader like ved Strandaelva. Varierte, morsomme og utfordrende aktiviteter for alle alderstrinn!

 

I parken er det totalt 60 ulike element og det høgaste punktet er meir enn 14 meter over bakkenivå. Alle høydeløypene avsluttast med ein zipline der den lengste er over 70 meter. I tillegg er det ein egen zipline løype der den lengste tar deg 150 meter og krysser elva!

Stor løype
2 løyper, 26 element og 2 lange zipliner
Krav til deltaker: Minimum 140 cm høg
Høgaste punkt: 14 meter

Ved starten av kvar løype klatrer du opp ein taustige for å komme til den første plattforma. Herfrå starter reisen frå tretopp til tretopp via ulike klatre- og balanse element. Ved dei mest utfordrande elementa fins det snarveier dersom det blir litt for skummelt.

Ziplinepark
5 zipliner der den lengste er 150 meter
Krav til deltaker: Minimum 140 cm høg
Høgaste punkt: 12 meter

Ziplinene går fra tre til tre gjennom skogen og over Strandaelva, den lengste ziplinen er 150 meter og følger elvestryket nedover!

Liten & Mikro Løype
4 løyper, 23 artige element, 4 zipliner
Krav til deltaker: Minimum 100 cm høg
Høgaste punkt: 6 meter

Det er ikkje aldersgrense i parken, men krav om voksen tilsyn for nokre aldersgrupper eller signering av eigenerklæring i nokre av løypene. Meir info om dette finn du under dei ulike produkta.

Kjøp av billettar er kun online. Drop-in er ikkje mogleg i år, og ein må førehandsbestille billettar. Ta kontakt med Voss Active på mail eller telefon for bruk av gåvekort eller sesongkort.

Du kan velje mellom 5 produkt når du skal bestiller : 1. Lita løype, 2. Lita løype + Stor ziplinepark, 3. Stor løype, 4. Stor løype - Stor ziplinepark eller 5. Ziplinepark. Du finn meir info om kvart produkt ved å trykke på produktet. Når du har bestemt deg, trykk bestill og vel det ønska produktet!

Det er viktig at du setter deg inn i kva produkt du ønskjer å bestille, høgdekrav og krav om vaksen tilsyn før du bestiller. Det gjeld også datoen og klokkeslettet du bestiller. Det er for tida stor pågang i parken og me kan difor ikkje endre dato, klokkeslett eller type løype på kort varsel. Merk at det ikkje går shuttlebuss til klatreparken i år, og at du må kome deg ut til parken på eigen hånd.

Møt opp i resepsjonen klatreparken 15 min før tidspunktet som er bestilt.

Viktig info om smitteverntiltak i Voss Klatre- og Ziplinepark:

For at det skal bli ei god oppleving, må nokre tiltak settast i verk. Om du er småsjuk eller mistanke om å vere smitta, skal du ikkje besøke klatreparken. Om du er i risikogruppa skal du heller ikkje kome til klatreparken.

Opphaldstida i parken er avgrensa til 2 timar. Det er ønskeleg at du ikkje oppheld deg i parken meir enn naudsynt.

Anna tiltak:
- Alle må desinfisere ved ankomst, det blir stilt ut stasjonar.
- Det blir vaska og tørka av utstyr med desinfeksjon mellom kvar bruk
- Påseiling av utstyr gjer du sjølv, med hjelp av andre i reisefølge. Instruktør veileder og tek visuell kontroll.
- Minst 1 meter avstand til andre i reisefølgjet
- Opplæring gjennomførast i mindre grupper
- Du kan ta med ein og drikke. I år kan me ikkje tilby kaffi/te, grill og grillutstyr som tidlegare
- Om du må ha hjelp i løypa: Hald deg roleg og føl instruktøren sine veiledningar. Først vil me at reisefølget hjelp kvarandre om mogelg, om instruktør må gripe inn vil han/ho nytte reine hanskar og munnbind
- Toaletter: Utedoen vil vere open som før, men det vil vere hyppig vask og oppfordring til ekstra omsyn til hygiene.
- Ta generell omsyn, så vil det bli ei fin, trygg og spanande oppleving!

For kontakt eller spørsmål: [email protected] eller ring på + 47 56 51 05 25

For å kome seg til Voss Klatrepark:

Voss Klatrepark ligg 14 km nord frå Voss sentrum.

Frå Voss sentrum følg E16 og ta av til høgre 1,8 km etter Tvinde Camping (150 meter før du krysser brua).
Frå parkering er det ca. 5 minutters gange til klatreparken. Følg skilting.

Vis meir

Om denne aktiviteten

Telefon
+47 56 51 05 25
Kontakt på e-post
Opening hours
Open dagar 2020. Open kvar helg: 23. Mai > 11. Okt. Open kvar dag: 20. Juni > 30 Aug *Ekstra åpent 21. & 22. Mai (Kristi Himmelfartsdag) 1. Juni (2. Pinsedag). 5. > 9. Okt (Haustferien).
Pris fra
200 NOK per person
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 1,3 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 1,3 km
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved resepsjon, og 100-500m frå skiheisen.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 1,3 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Build: 21.10.2020 12:39:14, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails