Tur med havkajakk til Sognefjorden - Outdoor Norway

Address: Evangervegen 14, 5704 Voss Dato: Fredag 25 sep 2020 - fredag 9 okt 2020 Vis kart

Address: Evangervegen 14, 5704 Voss

Ein verkeleg fantastisk dag på vatn!

Havkajakkpadling i Sognefjorden er den perfekte måten å utforske og nyte severdighetane i Norges største fjord. Med sine over 200 km i lengde og 4000 fot på det djupaste er det den nest lengste fjorden i verda. Den er ein av Norges villaste og mest ikoniske fjordar og ligg ved foten av dei majestetiske fjella i Jotunheimen nasjonalpark.

Denne tek deg med på ein 100 km lang reise frå det vakre Vikafjellet til Framfjorden. Det blir eit par stopp undervegs slik at du får moglegheit til å verkeleg nyte og forevige nokre av områdets aller mest spektakulære landskap, samt eit kort stopp i den pittoreske byen Vik for å besøke Hopperstad stavkyrkje frå middelalderen.

På dette spesielle havkajakkeventyret vil vi holde oss til Arnafjord for å fordjupe oss i den sjarmerande fjordens spektakulære natur. Denne mindre kjente fjorden er ein perfekt moglegheit til å komme vekk frå dei store båtane og folkemengdene av turister. Nyt freden og roen i fjordens vakre vatn, utan motorstøy, berre lyden av vatnet som plaskar mot kajakken din, og spruten frå åren i vatnet. Lykke!

Arnafjord er kjend for sine bittesmå busetningar, utmerka fiske og solfylte bukter med badeplassar. Dei ruvande toppane, djupe dalar og vakre farvatn tek pusten frå deg.

Vi er veldig glade for at Sognefjorden er i ferd med å bli sertifisert som ei berekraftig reisemål og stolte over å kunne tilby deg ein så utroleg, miljøvennleg tur i dette området.

Varigheit:
7 timar totalt, inkludert transport og tid til å skifta
Tid i kajakken: ca 3 timar.

Sesong:
Frå 9. mai til 12. oktober 2020
Avgangar: Tysdagar og fredager
Henting ved teltet vårt ved Vangsvatnet: klokka 9:15

*Henting og retur til Myrkdalen Hotel er tilgjengeleg på forespørsel og har avgang frå hotellet kl. 10.00 (Venligst send ein e-post til [email protected] etter bestilling om du ønsker å bli henta på hotellet).

Pris:
Vaksne: 1250 kroner
Ungdom: 680 kroner (13-17 år)
Barn: 650 (4-12 år)

Merk at dersom det ikkje er nok antall minimumsdeltakarar påmelde til turen (3), kan turen bli kansellert. Me vil isåfall kontakte deg og du vil få pengane refundert.

Krav til deltakarar:
Må vera minst fire år (ein padlar då med foreldre i tandemkajakk)
Må vera i normal fysisk form
Må kunna symja
Må vega under 120 kilo (kontakt oss om du veg meir)
Må vera under 210 cm høg

Dette er inkludert:
– Ein kvalifisert og kunnskapsrik kajakkguide
– Alt utstyr inkludert havkajakk, åre, spruttrekk og jakke
– Transport til og frå fjorden
– Spektakulært landskap

Dette må du ta med deg:
– Badetøy
– Varme kle i fleire lag (ull- eller superundertøy, ikkje bomull)
– Skotøy som kan verta vått
– Kleskift
– Solkrem
– Solhatt
– Lunsj
– Vatnflaske
– Kamera

Møtestad:
Ved teltet vårt ved Vangsvatnet (Evangervegen 14) klokka 9:00 (attmed kulturhuset og rett framføre Fleischer's Hotel) eller på Myrkdalen Hotel klokka 10:00.

Program:
1. Check-in ved teltet vårt (09.00) eller på Myrkdalen Hotel (10.00)
2. Få utstyr
3. Køyra til fjorden over Vikafjellet
4. Framme ved Framfjord, førebu utstyret og gjere seg klar.
5. Sikkerheitsinstruksjoner
6. Oppvarming
7. Tur på fjorden til Indrefjord og Arnafjord
8. Lunsjpause ved fjorden (ta med eigen lunsj)
9. Laste utstyret tilbake i bilen
10. Køyretur tilbake til Myrkdalen Hotel og basen vår ved Vangsvatnet

Kontaktinfo Outdoor Norway:

[email protected]
Tlf: + 47 97 15 15
+ 47 97 08 73 18

Kontortid: Mandag - Fredag 09.00 - 15.00

Adresse: Evangervegen 14,
Voss

Basen ligg rett ved Vangsvatnet, rett attmed Kulturhuset og nedanfor Fleischers Hotel.

Vis meir

Bestill no

Velg startdato:
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

Telefon
+ 47 45971515
Kontakt på e-post
Pris fra
1250 NOK per person
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 3 km
Moderne sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg over resepsjonen, 100-500m frå skiheisen.
Vandrarheim og pensjonat

Voss Vandrarheim - 4-sengsrom med dusj og toalett inkl. frukost

Avstand: 731 meter
Ligg vakkert med eige strand 800 m frå Voss stasjon. Standardrom med 4 senger, kan bookes til 1-4 personer. Prisen inkluderer sengetøy og frukostservering. Alle rom har dusj og toalett. Barn frå 0-3 år går gratis. For andre typer rom, ta kontakt direkte.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,6 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Build: 23.09.2020 19:01:06, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails