Toppturkurs med Wild Voss på Scandic - 21. - 24. januar

Dato: Torsdag 21 jan 2021 - søndag 24 jan 2021

Denne vinteren arrangerar Wild Voss to innhaldsrike toppturkurs i samarbeid med Scandic Voss hotell. Kvart kurs går over tre heile dagar, og inkluderer ein dag i og utanfor bakkane i Voss Resort. Kurset byr på ei fin blanding av lærerike dagar til fjells, komfortabel kvile og god mat.

 

For å bestilla, send e-post til [email protected]

Kursinnhald
Toppturkurset er eit skredkurs som tek sikte på å gjere deg i stand til å ivareta din eigen tryggleik på toppturar i skredterreng. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Det aller meste av kurset skjer ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Vi bruker ein av kursdagane i Voss Resort, som ligg nokre minutt med gondolbane unna hotellet. Heisanlegget gir oss rask tilgang til veleigna kursterreng der vi kan trene kameratredning, skiteknikk, køyremønster og vurdere brattheit. Vossafjella er snøsikre og har mange toppturar som eignar seg godt til skredkurs. På toppturkurset blir du kjend med nokre av dei.

Nokre aktuelle kursmoment:
- Skikøyring i og utanfor preparerte løyper. Tips til god skiteknikk.
- Korleis bruke RegObs, varsom.no og andre hjelpemiddel til turplanlegging.
- Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller?
- Terrengklassar, brattheitsvurdering og identifisering av terrengfellar på kartet og i terrenget.
- Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?
- Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket.
- Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader.
- Søk etter skredtekne med utgraving og grunnleggande fyrstehjelp.
- Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

Krav til deltakarar
Du har vore på nokre skiturar eller toppturar i fjellet og har prøvd skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned. Du føler deg frisk og er i brukbar turform ved kursstart.

Naudsynt turutstyr
Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar) i sekken. Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. Vi anbefalar bruk av hjelm på våre kurs.

Praktisk gjennomføring
Oppmøte blir på Scandic Voss hotell torsdag innan kl 19.30. Kurset startar med ei kveldssamling. Der gjennomgår vi kursplanen, avklarar forventningar og gjennomgår grunnleggande skredlære (teori).

Fredag er vi i Voss Resort. Vi køyrer nokre turar i trekket saman for å få kroppen i gang og få eit inntrykk av forholda. Det blir ôg nokre turar utanfor løypene med fokus på skiteknikk. Etter kvart flettar vi inn skredtema som vurdering av brattheit, terrengfeller, linjeval, køyremønster og til slutt kameratredning. Vi avsluttar dagen med eit par større redningsøvingar i terrenget nær løypene. Om kvelden blir det evaluering av dagen og turplanlegging.

Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Fjella kring Voss er snøsikre og godt eigna for kurs. Val av område og turar heng saman gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Eit viktig poeng er at alle får ta aktiv del i beslutningar og øvingar undervegs. Det blir mykje tid ute i fjellet. Både laurdag og sundag evaluerer vi turen vi har gjort, for å lære mest mogeleg.

​Planen ovanfor kan bli justert viss vêr og forhold krevjer det.

​Kurset avsluttast sundag innan kl 17.00. Alle får kursbevis.

Om hotellet
Nye Scandic Voss ligg rett ved jernbanestasjonen, hit er det lett å kome frå Bergen og Oslo med tog. Voss Gondol er næraste nabo, og fraktar deg frå hotelldøra til skianlegget på 9 minutt. Hotellet har ein moderne og sporty stil, med rom tilrettelagde for alle. Haik Grill og Bar følgjer sesongen og tilbyr lokale og tradisjonelle råvarer med en spannande vri. I baren finst ulike spel og shuffleboard som kan kombineres med noko godt i glaset. Vårt treningsrom med badstu er perfekt for avkobling etter ein lang dag med aktivitet. Våkn opp til landets beste frokost, utkvilt og klar for ein ny dag på ski.

Kursleiar er Øystein Ormåsen, som er dagleg leiar i Wild Voss AS. Han har lang erfaring som turleiar, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Skredinstruktør 1 Alpint, er kursleiar i DNT og NF-sertifisert Klatreinstruktør 1 Høgfjell og Breinstruktør 1.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
21 Jan
Torsdag 21 jan 2021 19:30
22 Jan
Fredag 22 jan 2021 19:30
23 Jan
Laurdag 23 jan 2021 19:30
24 Jan
Søndag 24 jan 2021 19:30

Om denne aktiviteten

Telefon booking
+47 56 52 82 00
Telefon
+47 93484041
Kontakt person
Øystein Ormåsen
Kontakt på e-post
Prisinformasjon
Prisen inkluderer: - Hotellrom i tre netter, frå torsdag til sundag. - Tre-rettars middag fredag og laurdag (kokkens meny). - Frukost og niste fredag, laurdag og sundag. - Dagskort med gondol i Voss Resort. - Kursleiar sitt forarbeid. - Deltaking på toppturkurs i tre heile dagar og tre kveldar (30 timar) - Alt naudsynt kursmateriell. - Tilgang til møterom på kveldstid torsdag, fredag og laurdag. - Leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M). Kostnader til transport og eventuell leige av skiutstyr kjem i tillegg.
Build: 01.01.2000 00:00:00, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails