Toppturkurs på Mjølfjell med Wild Voss

Address: Kleivavegen 576, 5706 Mjølfjell Dato: Fredag 19 feb 2021 - søndag 28 feb 2021 Vis kart

Address: Kleivavegen 576, 5706 Mjølfjell

19. - 21 februar og 26. - 28. februar inviterar Wild Voss til toppturkurs med fokus på turplanlegging og trygge vegval på toppturar i vinterfjellet.

 

Fra vår base på Mjølfjell Ungdomsherberge er vegen kort til utfordrande høgfjellsterreng. Det betyr at vi får effektive dagar med mykje læring, sjølv midtvinters.

Det vert gjennomført to ulike kurs på Mjølfjell i vinter.
Datoar: 19. - 21. februar og 26. - 28. februar 2021

Kursinnhald:
Dette kurset gjør deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på toppturar i fjellet. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Det aller meste av kurset foregår ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. På kurset får du vore på toppturar i vakre Raundalen.

​Nokre aktuelle kursmoment:
- Korleis bruke RegObs, varsom.no og andre hjelpemiddel til turplanlegging?
- Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller?
- Terrengklassar, bratthetsvurdering og terrengfellar på kartet og i terrenget.
- Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?
- Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket.
- Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader.
- Søk etter skredtekne med utgraving og grunnleggande fyrstehjelp.
- Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

Krav til deltakarar:
Du har vore på nokre skiturar i fjellet og er vand med skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned.

Naudsynt turutstyr:
Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

Praktisk gjennomføring:
Oppmøte blir på Mjølfjell Ungdomsherberge fredag kl 18.00. Kurset startar med ei kveldssamling. Der gjennomgår vi kursplanen, avklarar forventningar og gjennomgår grunnleggande skredlære. Vi planlegg ôg turen neste dag.

Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Fjella øvst i Raundalen er snøsikre og godt eigna for kurs. Val av område og ruter heng saman gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Eit viktig poeng er at alle får ta aktiv del i beslutningar og øvingar undervegs. Vær budd på mykje tid ute i fjellet. Både laurdag og sundag evaluerer vi turen vi har gjort, for å lære mest mogeleg. Om kvelden samlast vi i den trivelege peisestova og slappar av. ​

Kurset avsluttast sundag innan kl 17.00. Alle får kursbevis.

Overnatting og måltid:
Mjølfjell Ungdomsherberge ligg ved enden av den vinterbrøyta vegen gjennom Raundalen, om lag 7 km aust for Mjølfjell stasjon. Vi bur i den sjølvbetjente delen (leirskulebygget). Der er bur vi i 2- eller 4 sengs rom. Vi har tilgang til eit velutstyrt kjøkken, dusj, WC og tørkerom. Romma har oppreidde senger.

Kursleiar organiserer innkjøp av felles måltid (frukost, lunsj og middag) til heile gruppa. Dette ordnar vi som eit spleiselag. Alle tar med tursnacks til eige bruk og eventuell drikke til middagane.

Prisar og vilkår:
Kurset kostar kr 3650 per person. Prisen dekker arrangøren sitt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i to heile dagar og to kveldar, alt naudsynt kursmateriell og leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M). Prisen dekker og instruktørane sin kost og losji på Mjølfjell.

Om du ynskjer overnatting på Herberget, kostar det kr 900 per person for to netter. Kursleiar tingar overnatting for deltakarane ved behov. ​Prisen inkluderer oppreidd seng på rom med 2-4 senger. Vi må sjølv vaske etter oss før avreise.

Kostnader til mat og transport kjem i tillegg. ​

Kursleiar:
Kursleiar er Øystein Ormåsen, som er daglig leder i Wild Voss AS. Han har lang erfaring som turleder, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Skredinstruktør 1 Alpint, er kursleiar i DNT og NF-sertifisert Klatreinstruktør 1 Høgfjell og Breinstruktør 1.

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til Øystein: [email protected] eller ring på 93484041.

Transport:
Det går tog til Ørneberget, like ved Mjølfjell Mountain Lodge. Diverre er togtidene dårleg tilpassa skredkurs. Vi må difor basere oss på bruk av privatbilar. Kursleiar koordinerer bilkøyring om naudsynt.

Vegen opp i Raundalen kan være utfordrande og ha stygge kular vinterstid. Køyr varsomt og ha gjerne med kjettingar i bilen. Vegen er smal fleire stader, og det er lett å få hjula utanfor asfaltkanten.

Naudsynte førebuingar:
For å lære mest mogeleg på kurset, er det ein fordel å følge med på korleis vær og forhold utviklar seg før kurset. Les værvarselet for området jevnlig uken før kurset. Følg med på skredfarevarselet for Voss på www.varsom.no . Sjekk gjerne RegObs for ferske observasjoner fra nærområdet.

Kursmateriell (deles ut på kurset):
Skredkort, faregradsskala, skjema med 3x3 filter metode, kart over området (utskrift), skredkart for området (utskrift).

Anbefalt litteratur:
Bøker: «Skikompis» av Christer Lundberg Nes (2018, Selja Forlag). «Den lille snøskredboka» av Kjetil Brattlien (FriFlyt, 2017).
Filmar: Sjå filmklipp og les artiklar på snøskredskulen: https://varsom.no/snoskredskolen .

Vis meir

Bestill no

Om denne aktiviteten

Telefon
+47 93484041
Kontakt på e-post
Pris fra
3650 NOK Per person
Prisinformasjon
Pris for heile helga: 3650,- per person
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 28,7 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 28,7 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 28,7 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Build: 23.11.2020 18:15:40, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails