Toppturkurs på Voss med Wild Voss

Address: Vangsgata 28, 5700 Voss Dato: Fredag 5 feb 2021 - søndag 7 feb 2021 Vis kart

Address: Vangsgata 28, 5700 Voss

5. - 7. februar inviterar Wild Voss til skredkurs med fokus på turplanlegging og trygge vegval på toppturar i vinterfjellet. Kurset har base på Voss, og dermed har vi kort køyring til ei rekke flotte turområder.

 

Dato for kurset: 5. - 7. februar 2021.

Kursinnhald:
Dette kurset gjør deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på toppturar i fjellet. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Det aller meste av kurset foregår ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Vossafjella er snøsikre og har mange toppturar som eignar seg godt til skredkurs. På toppturkurset blir du kjend med nokre av dei.

​Nokre aktuelle kursmoment:
- Korleis bruke RegObs, varsom.no og andre hjelpemiddel til turplanlegging?
- Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller?
- Terrengklassar, brattleiksvurdering og terrengfellar på kartet og i terrenget.
- Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?
- Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket.
- Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader.
- Søk etter skredtekne med utgraving og grunnleggande fyrstehjelp.
- Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

​Krav til deltakarar:
Du har vore på nokre skiturar i fjellet og er vand med skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned.

Naudsynt turutstyr:
Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

Praktisk gjennomføring:
Oppmøte blir ved Wild Voss sitt kontor i andre etasje på Tre Brør Kafé (Google maps) på Voss, fredag kl 18.00. Kurset startar med ei kveldssamling. Der gjennomgår vi kursplanen, avklarar forventningar og gjennomgår grunnleggande skredlære. Vi planlegg ôg turen neste dag.

​Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Fjella kring Voss har mange ruter og områder som er godt eigna for kurs. Val av område heng saman gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Eit viktig poeng er at alle får ta aktiv del i beslutningar og øvingar undervegs. Både laurdag og sundag avsluttar vi dagen med evaluering på Tre Brør, gjerne over ein matbit.

​Deltakarane organiserer sjølv transport, overnatting og alle måltid undervegs på kurset. Vi hjelper deg gjerne med tips og råd om du treng det.

​​Kurset avsluttast sundag innan kl 18.00. Alle får kursbevis.

​Prisar og vilkår:
Kurset kostar kr 3650 per person. Prisen dekker arrangøren sitt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i to heile dagar og to kveldar, alt naudsynt kursmateriell og leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M).

​Kostnader til mat, overnatting og transport kjem i tillegg og organiserast av deltakarane sjølve.

Kursleiar:
Kursleiar er Carlos Abraldes Szigriszt, fast tilsett heilårsguide i Wild Voss. Han har lang erfaring frå skikøyring i Pyrenèane, Alpane og i norske fjell. Han har halde skredkurs for Wild Voss i to vintersesongar, og kjenner Vossafjella like godt som sine heimtrakter i Spania. Carlos ligg an til å fullføre NF si sertifisering som skredinstruktør i løpet av vinteren 2021.

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til Carlos: [email protected] eller ring på 94105103.

​Naudsynte førebuingar:
For å lære mest mogeleg på kurset, er det ein fordel å følge med på korleis vær og forhold utviklar seg før kurset. Les værvarselet for området jevnlig uken før kurset. Følg med på skredfarevarselet for Voss på www.varsom.no . Sjekk gjerne RegObs for ferske observasjoner fra nærområdet.

Kursmateriell (deles ut på kurset):
Skredkort, faregradsskala, skjema med 3x3 filter metode, kart over området (utskrift), skredkart for området (utskrift).

Anbefalt litteratur:
Bøker: «Skikompis» av Christer Lundberg Nes (2018, Selja Forlag). «Den lille snøskredboka» av Kjetil Brattlien (FriFlyt, 2017).
Filmar: Sjå filmklipp og les artiklar på snøskredskulen: https://varsom.no/snoskredskolen .

Vis meir

Bestill no

Om denne aktiviteten

Telefon
+47 941 05 103
Pris fra
3650 NOK Per person
Prisinformasjon
Pris per person for kurset: 3650,-
Vandrarheim og pensjonat

Skitoget vinterferie m/ overnatting på Voss Vandrarheim - langhelg

Avstand: 1,3 km
Pakka inkluderar togbillett tur/retur Oslo-Voss, overnatting fire netter og 3-dagars heiskort + kveldskøyring i Voss Resort.
Vandrarheim og pensjonat

Skitoget midtveke med overnatting på Voss Vandrarheim

Avstand: 1,3 km
Pakka inkluderar togbillett tur/retur Oslo-Voss, overnatting to netter og heiskort i Voss Resort.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,1 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Build: 23.11.2020 18:15:40, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails