Kurs om førstehjelp i vinterfjellet med Wild Voss

Address: Kleivavegen 576, 5706 Mjølfjell Dato: Fredag 29 jan 2021 - søndag 31 jan 2021 Vis kart

Address: Kleivavegen 576, 5706 Mjølfjell

Kva gjer du om uhellet er ute i vinterfjellet? Har du kunnskapen som trengst for å handtere situasjonen og skaffe hjelp? Dette kurset gir deg praktisk trening og nyttig kunnskap.

 

Om turkameraten din blir skadd på tur i vinterfjellet er det ikkje nokon god idé å sette seg til å vente på redningstenesta. Det tek for lang tid. Du må sjølv gjere noko for å hjelpe, og korleis førebur du deg på det? Kva utstyr har du med deg? Har du kunnskapen som trengst for å handtere situasjonen og skaffe hjelp? Dette kurset gir deg praktisk trening og nyttig kunnskap om førstehjelp i vinterfjellet.

Kursinnhald:
Denne helga skal vi trene på pasientundersøking og pasientbehandling i vinterfjellet: brotskadar, blødningar, nedkjøling og snøblindheit. Korleis behandle skaden? Kva utstyr krevst? Korleis planlegg me og utfører ei evakuering? Improvisasjon og samarbeid blir viktige element undervegs.

​Kurset kombinerar teori og praksis, der mykje av kurset finn stad ute i fjellet. Årstida og omgjevnadane byr på utfordrande og realistiske kurstilhøve. Vi bur i den sjølvbetjente avdelinga på komfortable Mjølfjell Ungdomsherberge . Der lagar vi mat saman, gjennomgår teori og søv i gode, varme senger.

​Krav til deltakarar:
Kurset er tilpassa deg som er glad i å vere ute på tur i vinterfjellet, og som vil lære meir om kva som skal til for å ta hand om deg sjølv og dine vener om eit uhell skulle skje. Det krevst ingen forkunnskapar om førstehjelp, men du må ha erfaring frå skiturar i vinterfjellet - anten på fjellski eller toppturski.

​Kvifor bli med på dette kurset?
Alle kan bli nøydde til å handtere ei uventa ulykke, anten det er til fjells, i trafikken eller nær heimen. Da er det ein fordel å ha øvd på førehand. Dette kurset gir verdifulle erfaringar og høve til å lære basisferdigheiter under kyndig vegleiing.

For deg som har ansvar for grupper på tur i vinterfjellet, er det viktig å ha eit realistisk forhold til kva konsekvensar eit uhell kan få, og kva kompleksitet ein må kunne takle på eigahand. Dette kurset gir verdifull realitetsorientering og øving i å handle rasjonelt i ein pressa situasjon.

​Plan:
Vi møtast på Mjølfjell Ungdomsherberge kl 18.00 fredag 29.januar. Dit kjem du med privatbil eller tog (Ørneberget stasjon). Kursleiar koordinerar transport ved behov. Etter innlosjering blir det ei økt med diskusjonar kring ulike akutte situasjonar ein kan kome ut for i vinterfjellet. Fokus blir primærundersøking, pasientbehandling og evakuering.

​Laurdag startar med ein gjennomgang av generell nedkjøling, eit tema som er relevant uansett årstid. Vi skal ôg ut på tur, og den vil du nok hugse. Deltakarane kjem til å gå inn i ulike rollar, til dømes som pasient, men ôg som problematisk turdeltakar. Situasjonane løysast ved improvisasjon. Vi kombinerer teori og praktiske gjennomføringar, og klarar oss med enkelt utstyr. Om kvelden evaluerer vi dagen og finn fram til ein felles metode for å løyse ulike situasjonar.

​Sundag ligg fokus på praktisk gjennomføring av ulike case, og drilling av metodar for pasientbehandling. Om tida strekk til, øvar vi på særskilte tema som deltakarane ønsker å lære meir om.

Kurset avsluttast innan kl 17 sundag. Deltakarar får kursbevis.

​Utstyr:
Du må ha med eige skiutstyr (fjellski med stålkantar eller lett rando/telemarkutstyr). Hugs feller. Ta med hovudlykt, skibriller (goggles), termos og drikkeflaske. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette. Varme klede til kaldt vêr i høgfjellet. Ta med kart, kompass og vindsekk om du har. Skrivesaker er lurt. Alle må ha skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Ta med ditt eige førstehjelpsutstyr, inkludert saks, 3m solid tau/snøre, svarte søppelsekkar, liggeunderlag (gamalt som du kan klippe i) og eventuelt plastfolie.

Skredutstyr kan lånast utan ekstra kostnad. Hugs klede til innebruk og toalettsaker.

​Kursleiar:
Kursleiar er Jakob Årmann. Han er utdanna sjukepleiar og jobbar som sjukepleiar på ambulansen i Sogndal. Han har teke etterutdanning innan fjellmedisin (ScanDIMM), og har halde fleire slike kurs for mellom anna DNT. Dette er tredje gong han held dette kurset for Wild Voss. Jakob er ivrig skikøyrar, klatrar og friluftsmann.

Overnatting og måltid:
Mjølfjell Ungdomsherberge ligg ved enden av den vinterbrøyta vegen gjennom Raundalen, om lag 7 km aust for Mjølfjell stasjon. Vi bur i den sjølvbetjente delen (leirskulebygget). Der er bur vi i 2- eller 4 sengs rom. Vi har tilgang til eit velutstyrt kjøkken, dusj, WC og tørkerom. Romma har oppreidde senger.

Kursleiar organiserer innkjøp av felles måltid (frukost, lunsj og middag) til heile gruppa. Dette ordnar vi som eit spleiselag. Alle tar med tursnacks til eige bruk og eventuell drikke til middagane.

Pris og vilkår:
Kurset kostar kr 3450 per person. Inkludert i prisen:
- Arrangøren og instruktøren sitt forarbeid, inkludert kost og losji til instruktøren.
- Deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i 20 timar (to heile dagar og to kveldar).
- Alt naudsynt kursmateriell.
- Leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M).​

Påmeldingsfrist til kurset: 22.januar.

Om du ønsker overnatting på Ungdomsherberget i oppreidd seng, kostar det kr 900 per person for to netter. Arrangøren bestiller overnatting for deltakarane ved behov. ​Kostnader til måltid og transport kjem i tillegg. ​

Spørsmål:
Kontakt gjerne Øystein i Wild Voss på telefon 93484041 eller send epost til [email protected]

Kursleiar kontaktar alle deltakarar med praktisk informasjon i god tid før kurset.

Vis meir

Bestill no

Om denne aktiviteten

Telefon
+47 93484041
Kontakt på e-post
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 28,7 km
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene har flott beliggenhet like ved skibakken, (ski-in/ ski-out), og ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i skianlegget.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 28,7 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 28,7 km
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter rett nedenfor skianlegget. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen, og er det feltet som ligg nærmast billettkontor og stolheis i Bavallen.
Build: 23.11.2020 18:15:40, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails