Guida topptur for nybyrjarar - Outdoor Norway

Address: Evangervegen 3, 5704 Voss Dato: Fredag 5 feb 2021 - fredag 30 apr 2021 Vis kart

Address: Evangervegen 3, 5704 Voss

Ein guida topptur i vossafjella for deg som har lite eller noko toppturerfaring.

 

Bli med på ein guida topptur med Outdoor Norway i vinter! Denne turen passar for deg som har lite eller ingen erfaring med topptur. Her får du med deg ein lokalkjend guide, som sørgjer for at turen blir både kjekk og trygg.

For å vera med på denne turen må du vera i normal fysisk form, og ha noko erfaring med skikøyring frå før av. Det er fint om du meistrar å stå ned ei blå løype i eit skianlegg.

Sesong, tidspunkt og oppmøte:
Turane går kvar fredag, laurdag og sundag i februar, mars og april. Oppmøte for turen er klokka 08:30 ved Voss Turistinformasjon (på bakkeplan i Voss Gondol), og me er attende klokka 16:00.

Kvar går turen?
48 timar før avreise bestemmer me kvar me skal gå på topptur ut frå vêrmelding, skredfare, snøforhold og gruppa sine ynskje. Alternativa er:
- Oksen
- Raundalen
- Vikafjellet

Prisar:
For ein eller to personar:
Hvis du vil bestilla ein tur aleine eller saman med ein ven, kan du få plass i lag med ei anna gruppe og betala 1500 kr per person for ein dag på ski.
Obs: Me treng 3 påmeldte på den andre gruppa for å kunne tilby deg ein plass til denne prisen. Om det ikkje er det, får du tilbod om å dela prisen på ein privat guide (4500 kr) med dei andre påmeldte, eller å få refundert beløpet du har betalt.

Privat guide for gruppe:
For grupper på 3 - 6 personar:
- 3 personar: 4500 kr per gruppe for guida topptur
- 4 personar: 5500 kr per gruppe for guida topptur
- 5 personar: 6000 kr per gruppe for guida topptur
- 6 personar: 6500 kr per gruppe for guida topptur

Det er plass til maks 6 personar på ei gruppe.

Inkludert i prisen:
- Guide
- Transport frå Voss
- Skredutstyr (spade, søkestang, sendar/mottakar)

Ikkje inkludert i prisen:
- Lunsj, drikke og snacks
- Skikort (om me skal bruka skiheis på turen)
- Skiutstyr, utleige eller klede

Dette må du ha av utstyr:
- Toppturutstyr (randonne-ski, telemarkski eller splitboard)
- Feller
- Skistavar, toppturstøvlar og hjelm
- Vass- og vindtett skalljakke med hette
- Vass- og vindtett skallbukse
- Dunjakke eller anna varm jakke
- Fleece eller anna varm genser
- Ullundertøy
- Varme hanskar, lue, ullsokkar, solbriller og skibriller
- Ryggsekk

Kontakt Outdoor Norway for utleige av utstyr.

For spørsmål om turen, kontakt Outdoor Norway på [email protected] eller +47 459 71 515.

Vis meir

Bestill no

Om denne aktiviteten

Telefon
47 45971515
Kontakt på e-post
Vandrarheim og pensjonat

Skitoget vinterferie m/ overnatting på Voss Vandrarheim - langhelg

Avstand: 345 meter
Pakka inkluderar togbillett tur/retur Oslo-Voss, overnatting fire netter og 3-dagars heiskort + kveldskøyring i Voss Resort.
Vandrarheim og pensjonat

Skitoget midtveke med overnatting på Voss Vandrarheim

Avstand: 345 meter
Pakka inkluderar togbillett tur/retur Oslo-Voss, overnatting to netter og heiskort i Voss Resort.
Vandrarheim og pensjonat

Voss Vandrarheim - 4-sengsrom med dusj og toalett inkl. frukost

Avstand: 374 meter
Ligg vakkert med eige strand 800 m frå Voss stasjon. Standardrom med 4 senger, kan bookes til 1-4 personer. Prisen inkluderer sengetøy og frukostservering. Alle rom har dusj og toalett. Barn frå 0-3 år går gratis. For andre typer rom, ta kontakt direkte.
Build: 23.11.2020 18:15:40, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails