Guida topptur for vidarekomne - Outdoor Norway

Address: Evangervegen 3, 5704 Voss Dato: Fredag 4 des 2020 - fredag 30 apr 2021 Vis kart

Address: Evangervegen 3, 5704 Voss

Har du god ski- og toppturerfaring? Me tek deg med på dei beste plassane!

 

Ein guida topptur i vossafjella for deg som har god erfaring frå både skikøyring og topptur frå før av. Våre guidar visar veg til dei flottaste plassane med den beste snøen, og sørgjer for at sikkerheita alltid er ivareteken.

For å vera med på denne turen må du meistra brattare skikøyring og lange nedkøyringar. Du må også vera i god fysisk form.

Sesong, tidspunkt og oppmøte:
Turane går kvar fredag, laurdag og sundag i frå og med desember og til og med april. Oppmøte for turen er klokka 08:30 ved Voss Turistinformasjon (på bakkeplan i Voss Gondol), og me er attende klokka 16:00.

Kvar går turen?
48 timar før avreise bestemmer me kvar me skal gå på topptur ut frå vêrmelding, skredfare, snøforhold og gruppa sine ynskje. Alternativa er:
- Oksen
- Raundalen
- Vikafjellet
- Afdal-traversen på Lønahorgi
- Fjell i nærleiken av Sognefjorden

Prisar:
For ein eller to personar:
Hvis du vil bestilla ein tur aleine eller saman med ein ven, kan du få plass i lag med ei anna gruppe og betala 1500 kr per person for ein dag på ski.
Obs: Me treng 3 påmeldte på den andre gruppa for å kunne tilby deg ein plass til denne prisen. Om det ikkje er det, får du tilbod om å dela prisen på ein privat guide (4500 kr) med dei andre påmeldte, eller å få refundert beløpet du har betalt.

Privat guide for gruppe:
For grupper på 3 - 6 personar:
- 3 personar: 4500 kr per gruppe for guida topptur
- 4 personar: 5500 kr per gruppe for guida topptur
- 5 personar: 6000 kr per gruppe for guida topptur
- 6 personar: 6500 kr per gruppe for guida topptur

Det er plass til maks 6 personar på ei gruppe.

Inkludert i prisen:
- Guide
- Transport frå Voss
- Skredutstyr (spade, søkestang, sendar/mottakar)

Ikkje inkludert i prisen:
- Lunsj, drikke og snacks
- Skikort (om me skal bruka skiheis på turen)
- Skiutstyr, utleige eller klede

Dette må du ha av utstyr:
- Toppturutstyr (randonne-ski, telemarkski eller splitboard)
- Feller
- Skistavar, toppturstøvlar og hjelm
- Vass- og vindtett skalljakke med hette
- Vass- og vindtett skallbukse
- Dunjakke eller anna varm jakke
- Fleece eller anna varm genser
- Ullundertøy
- Varme hanskar, lue, ullsokkar, solbriller og skibriller
- Ryggsekk

Kontakt Outdoor Norway for utleige av utstyr.

For spørsmål om turen, kontakt Outdoor Norway på [email protected] eller +47 459 71 515.

Vis meir

Bestill no

Om denne aktiviteten

Telefon
+47 45971515
Kontakt på e-post
Vandrarheim og pensjonat

Skitoget midtveke med overnatting på Voss Vandrarheim

Avstand: 697 meter
Pakka inkluderar togbillett tur/retur Oslo-Voss, overnatting to netter og heiskort i Voss Resort.
Vandrarheim og pensjonat

Skitoget vinterferie m/ overnatting på Voss Vandrarheim - langhelg

Avstand: 697 meter
Pakka inkluderar togbillett tur/retur Oslo-Voss, overnatting fire netter og 3-dagars heiskort + kveldskøyring i Voss Resort.
Vandrarheim og pensjonat

Voss Vandrarheim - 4-sengsrom med dusj og toalett inkl. frukost

Avstand: 731 meter
Ligg vakkert med eige strand 800 m frå Voss stasjon. Standardrom med 4 senger, kan bookes til 1-4 personer. Prisen inkluderer sengetøy og frukostservering. Alle rom har dusj og toalett. Barn frå 0-3 år går gratis. For andre typer rom, ta kontakt direkte.
Build: 23.11.2020 18:15:40, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails