Tandem elvekajakk, Voss, Outdoor Norway

Address: Evangervegen 14, 5704 Voss Dato: Torsdag 9 sep 2021 - søndag 10 okt 2021 Vis kart

Address: Evangervegen 14, 5704 Voss

Aldri prøvd elvekajakk før? Outdoor Norway tilbyd fleire alternativ slik at du kan vera med på elva.

 

Bli med på tandemkajakk og sit i same kajakk som ein profesjonell guide!
Her får du oppleva nokre av dei beste elvane i Europa på ein halv dag. Det har ingenting å seia om du har lite eller ingen erfaring - du sit i front av kajakken og guiden sit bak og styrar. Du får også læra mykje sjølv om korleis ein padlar elvekajakk.

TURVARIGHET
Totalt 3 timar inkludert transport og skiftetid
Ca. 1,5 timar på elva

SESONG
Mai til oktober
Avgangar: 10:00 og 14:00 (dagleg)

PRIS
kr. 2000 Voksen
kr. 1800 barn og ungdom (7 til 17 år)

KRAV
Må vera sju år eller meir
Må vera i normal fysisk form
Må kunne symja
Må vera under 95 kilo (kontakt Outdoor Norwaypå førehand om du veg meir)
Ver venleg å informera oss om tilstandar som astma, epilepsi, etc.

INKLUDERT
Utstyr av topp kvalitet
Profesjonell kajakkguide
Tandemkajakk
Padleåre
PFD (redningsvest)
Hjelm
Vasstett padlejakke
Våtdrakt
Transport til og frå elva

TA MED DEG
Badetøy
Ullundertøy om det er kaldt
Fottøy som kan verta vått
Kleskift
Solkrem
Eventyrlyst!

Møt opp 10 minutt før planlagt tid på den operasjonelle basen vår

PROGRAM
1. Check-in ved teltet vårt ved Vangsvatnet (rett attmed kulturhuset og 100 meter frå Voss Gondol og togstasjonen)
2. Få utstyr
3, Køyre til elva
4. Sikkerheitsinstruksjoner
5. Oppvarming
6. Elvetur
7. Laste attende i bilen
8. Attende til teltet ved Vangsvatnet

NB – kunden må sjølv ha forsikring som dekker denne aktiviteten, aktivitetsformidlaren har ikkje forsikring for gjestene på dette produktet.

Vis meir

Bestill no

Om denne aktiviteten

Telefon
+47 45971515
Kontakt på e-post
Åpningstider
10. mai til 25. juni 10:00 - 16:00 26. juni til 21. august 09:00 - 18:00 22. august til 17. oktober 10:00 - 16:00
Vandrarheim og pensjonat

Voss Vandrarheim - 4-sengsrom med dusj og toalett inkl. frukost

Avstand: 731 meter
Ligg vakkert med eige strand 800 m frå Voss stasjon. Standardrom med 4 senger, kan bookes til 1-4 personer. Prisen inkluderer sengetøy og frukostservering. Alle rom har dusj og toalett. Barn frå 0-3 år går gratis. For andre typer rom, ta kontakt direkte.
Leilegheiter

Voss Resort Bavallstunet leiligheter

Avstand: 3 km
Sjølvhushald leiligheter med fjellet og naturen rett utanfor døra! Leilighetene er plassert i 2.etg over resepsjonen.
Hotell

Store Ringheim Hotel

Avstand: 1,6 km
Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.
Build: 20.09.2021 14:56:15, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails