Intro til elvepadling med Kayak Voss

Address: Bjørkemoen, 5709 Voss Dato: Laurdag 24 jul 2021 - tysdag 31 aug 2021 Vis kart

Address: Bjørkemoen, 5709 Voss

Intro til elvepadling med Kayak Voss er ein perfekt introduksjon til den spennande kajakkverda. I løpet av ein halvdag får du utforska, eksperimentera og utvikla deg i ditt eige tempo.

 

Den delen av elva vi skal til byr på flatt vatn, roleg straum, små bølgjer, ei rekke stryk og til og med eit fossefall, om du føler deg ekstra modig. Guiden er høgt kvalifisert og ein/ei erfaren kajakkpadler som vil sørga for tryggleiken og velværet ditt til ei kvar tid. Guiden vil også passe på at nivået på turen er tilpassa gruppa og at alle har ein fantastisk dag.

Vi møter deg og viser veg til elva. Her bytter vi og gjer oss kjent med alt utstyret. Vel i vatnet øver vi oss på å komma inn og ut av kajakken, kantra og symja, slik at du er komfortabel i vatnet og i kajakken. Vi arbeidar med nokre grunnleggande padleferdigheter, tryggleik og teknikk. Du kan bruka tida på elva som du ønsker.

Nedanfor er all informasjon du treng for turen. Ikkje nøl med å kontakta oss viss du har spørsmål. E-post [email protected] Tlf 4629 7937

Kajakk Voss stiller med alt kajakkutstyret for denne turen. Du må ta med deg følgjande:
• Ull til å ha under våtdrakta
• Sko som kan bli våte
• Tørre klede
• Drikkevatn
• Solkrem

NB – kunden må sjølv ha forsikring som dekker denne aktiviteten, aktivitetsformidlaren har ikkje forsikring for gjestene på dette produktet.

Vi vil gjere vårt beste for å ta nokre bilete frå turen!

Pris: Vaksne 1200NOK
Oppmøte: COOP Skulestadmo
Avreise: 1400
Varighet: 4 timer
Dager: Tysdag, torsdag og laurdag
Maks: 10 deltakere

Vis meir

Bestill no

Om denne aktiviteten

Kontakt på e-post
Hyttelandsby

Voss Resort Tråstølen hytter

Avstand: 932 meter
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen - det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttene ligger 2-3km frå resepsjonen oppover i anlegget, med flott turterreng like utanfor døra.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallstunet hytter

Avstand: 932 meter
Sjarmerende sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra. Dette hyttefeltet ligger like ved resepsjon.
Hyttelandsby

Voss Resort Bavallslia hytter

Avstand: 932 meter
Koseleg hyttefelt med sjølvhushaldhytter. Feltet i Bavallslia ligger 500m frå resepsjonen.
Build: 29.07.2021 16:40:24, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails