Bukkene Bruse akustisk i Finnesloftet
Bukkene Bruse vart skipa i 1989, av Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal. Trioen fekk raskt mykje merksemd, og representerte Noreg i utlandet ved fleire høve. Dei har vore på Kina-turné, dei var offisielle OL-musikarar under Lillehammer-OL i 1994 og dei reiste rundt med Dronning Sonja sin Vinterutstilling til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München. Dei var ofte framme i media, gav ut fem album, og dei har motteke både Spellemann-pris og Prøysen-pris for musikken sin. Bjørn Ole Rasch kom med i gruppa i 1996.
Til Finnesloftet kjem gruppa i det originale trioformatet.
Me gler oss stort til å høyre denne legendariske trioen akustisk i Finnesloftet
Annbjørg Lien– hardingfele, nyckelharpa
Arve Moen Bergset– kveding, fele, hardingfele
Steinar Ofsdal – fløyter
--------
Konserten er ein del av serien "Osascena i Finnesloftet sommaren 2023" og er støtta av Norsk Kulturråd.
Konsertserien vert opna med eit fyrespel av unge, lokale utøvarar.
Billett: kr. 325,- / 150,- (born under 16 år) i sal no på TicketCo eller i døra ein halvtime før konsertstart. Merk at det er få billettar for sal.
Sjå fullt vårprogram for Osascena her:
https://osafestivalen.no/osascena/
Foto: Morten Krogvold