Bygdalaurdag
Ekstra mykje liv og god stemning på Vangen!
Bygdalaurdag på Vangen er en kombinasjon av buer, brukthandel og aktivitetar. I tillegg til eit stort og variert utval av butikkar vil både lokale og tilreisande finne noko for kvart eit behov denne sommarlaurdagen!
Mykje av plassen på Torget er i år utleidd på langtid og vi kjem derfor til å stenga halve Vangsgata for å få plass til alle.
Laurdag 27. august:
Denne laurdagen er det òg VOSSADAGEN, ei eiga feiring av frivillighetens år på Voss! Det vil derfor i tillegg vera mykje folk og aktivitetar på Voss både på Tinghusplassen, i Gamlekinoen og i Kulturhuset.