Oppdatert 12. februar
Voss Herad skriv 11. februar: Situasjonen vert vurdert lik som den var for ei veka sidan. Jamt med nye smittetilfelle (3-5) kvar dag.
Velkomen til Voss på ski
Dei nye retningslinjene frå regjeringa seier at skisentera får halde ope som vanleg med dei tiltaka som allereie er på plass. Kjem du til Voss med toget? Hugs munnbind og hald avstand til andre passasjerar.
- Skisentera og tilhøyrande fasilitetar er opne
- Langrennsløypene er trakka
- Dei fleste restaurantar og kafear er opne, men det er sjenkestopp tom 14. februar
- Det er pliktig å bruke munnbind dersom du ikkje kan halde 1 meter avstand
- Det er ikkje hytteforbod
- Det er ikkje reiseforbod, men ein skal unngå unødvendige reiser
På Voss skal du no bruka munnbind innandørs og der det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand. Det gjeld på skibussen, gondolen, varmestover/kafear, butikkar og elles i heile destinasjonen.
HOVUDREGLAR
Før du kjem til destinasjonen ber me deg om å spørja deg sjølv:
- Er eg sjuk eller i karantene?
Om svaret er ja på eit av desse spørsmåla skal du ikkje besøka Voss. For at me skal kunne drifta skianlegga og andre tilbod i bygda, er me avhengig av at folk som har symptom på smitte, er sjuke eller i karantene held seg heime.
Dersom du er frisk
Dersom du er frisk er du hjarteleg velkomen til å besøka oss, med ein venleg påminning om reglane som gjeld generelt i samfunnet:
• Sjuke held seg heime
• God hoste- og handhygiene
• Når det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand skal ein bruka munnbind. Det gjeld i heile destinasjonen.
• Minimum 1 meter avstand
• Me ber deg også om å registrera deg på smittesporingsverktøy der desse er tilgjengelege
Kva om ein vert sjuk under opphaldet
Dersom du får symptom eller blir sjuk under opphaldet på Voss har me fylgjande råd:
• Dra heim så fort det lar seg gjere
• Ikkje ta offentleg transport
• Vent utandørs eller i eige rom om mogleg
• Dekk til munn og nase/ bruk munnbind og hald god avstand til andre.