Damenes aften på Vossabadet
Populære «Damenes Aften» er attende i haust og vinter. Sett av datoen og meld deg på!
Datoer: 5. oktober, 16. november, 11. januar (2024), 22. februar (2024) og 4. april (2024)
Tidspunkt: 19:00-22:00
Pris: 295,- inkludert 45 min sirkeltrening!
Aldersgrense 16+
Det vert ein rolig atmosfære med dempa belysning, stemningsmusikk, produkt frå Vossabia, ansiktsmaske, frukt og nøtter, smoothieshots og noko forfriskande å drikke til alle påmeldte. Heile bassengrommet og badstova er til fritt bruk for dykk, flotte damer.
- Produkt frå Vossabia (såpe, sjampo og skrubb) er tilgjengeleg i dusjen.
- Valfri 45 min sirkeltrening, "grønn time", noko alle kan vere med på! (Inkludert i pris, men må bookes).
- Massasje med Trude på 5-meteren er tilgjengeleg mot ekstra kostnad. Begrensa plasser. Book på mail til: [email protected]

Program:
19:00: Oppmøte 2 etg. i Vossabadet. (Du kan òg møte direkte i Vossabadet kl. 20:00 dersom du ikkje vil delta på treningsøkta).
19:00-ca 20:00: Sirkeltrening med PT Jenny Lindell. Trening som høver for alle nivå - du justerer sjølv kor mykje du vil ta i.
20:00-22:00: Vossabadet held ope for damene, no er det ladies only! (aldersgrense 16+)
Lese ei bok, liggandes på solstolen?
Bli myk og god i badstuen.
Symje nokre lengder medan du pratar med ein ven?
Tøye i terapibassenget etter treningsøkta?
Du vel heilt sjølv. Nyt dagen med oss!
Påmelding:
https://vossabadet.actorsmartbook.no/
Påmeldinga er bindande.
NB: Det er same pris for alle, sjølv om ein har årskort eller klippekort i Vossabadet frå før.