Dei beste badeplassane på Voss

Foto og tekst av Karoline Fosse (om ikkje anna er merka)

Bjørke

stuper i elva ved bjørke   utsikt frå badeplass på bjørke

Dette er ein av dei mest spektakulære badeplassane på Voss. Køyr eller ta sykkelen og reis ca 8 km frå Voss sentrum, på RV13 mot Granvin. Ta til venstre mot Bjørke og følg Bjørkevegen til du kjem til eit rødt klubbhus, elva er no på di venstre side. Hugs! Ein må berre symje her når vasstanden er låg og ikkje parker på folk sin eigedom. Til slutt, ta med symjemaske om du har!

Fjellvatn, på veg til Kiellandbu

vatn på veg til kiellandbu, to som stuper

Køyr til Hodnaberg på Hamlagrø og gå mot Kiellandbu. Du kan parkere på tilvist plass. Om lag halvvegs ser du ei trebru og på begge sider av brua er det små, krystallklare elver. Her er det perfekt å kjøle seg ned på veg til eller tilbake frå Kiellandbu. 

Langs Granvinsfjorden

stuper uti granvinsfjorden   dame ser på granvinsfjorden, med fossefall

Køyr om lag 25km frå Voss, mot Granvin. I Granvin kjem du til fjorden. Herifrå kan du køyre langs fjorden og plassane kjem som perler på ei snor. Så mange fine plassar å velje mellom. 

Fjellvatn på Mjølfjell

vatn på mjølfjell, blått vann, grønn skog

Eit lite og roleg vatn på Mjølfjell. Køyr frå Voss til Mjølfjell. Mellom den fyrste og andre brua på Mjølfjell ser du fleire hytter og mellom dei nokre små vatn/tjern – desse bileta er frå eit av dei!

Lønavatnet, framfor Lønahorgi

stuper uti lønavatnet

Frå Voss køyrer du til Nedkvitnesvegen. Når du køyrer langs denne vegen ser du Lønavatnet på venstre side. Hold utkikk etter ein plass å stupe uti. Bileta er tatt i nærleiken av golfbana som ligg på Nedkvitne. Det aller beste er å reise hit tidleg om morgonen, då er vatnet som regel blikstille og du har ei fantastisk utsikt mot Lønahorgi. 

Skjult perle langs Raundalselva

dame under vann på mjølfjell   blått vann og grønn skog i raundalselva

Frå Palmafossen, Voss køyrer du akkurat 29km på Raundalsvegen. Då har du denne plassen og elva på høgre side. Plassen er like ved ein veg kalla «Hagen» på Google Maps. Hagen er derimot privat eigedom og det er også parkeringsplassane langs vegen i dette område. Køyr derfor vidare, eller tilbake, til nærmaste mogelege parkering og gå nokre kilometer langs Raundalsvegen. Når du kjem tilbake til vegen «Hagen» må du gå gjennom ein bratt skog for å komme ned til elva. Ettersom ein må jobbe litt for å komme til denne plassen er det høgst sannsynleg at du får heile plassen for deg sjølv!

Mjølfjell – Raundalselva 

blått vann i raundalselva, dame som smiler til kamera sitter foran elva

Om du køyrer frå Voss til Mjølfjell vil du finne mange fine plassar å bade. Ein treng ikkje peike ut spesifikke plassar her. Når ein kjem til Mjølfjell og ser elva er det minst 10 plassar å velje i. Utforsk naturen og nyt! 

Bordalsgjelet

dame hopper uti elva ved bordalsgjelet   dame ser ned på elva ved bordalsgjelet

Du kan både gå, køyre og sykle til Bordalsgjelet. Det er ca 2 km frå Voss langs Gjernesvegen. Dette naturlege symjebassenget finn ein på nedsida av brua. Du kan parkere rett etter brua. Gå så tilbake ca 100 meter, mot Voss sentrum. Her ser ein sti som går ned til elva. (Foto: Therese Leidland)

Stalheimsfossen

hund som svømmer i elva ved stalheimsfossen

Køyr ca 38km frå Voss mot Gudvangen. Etter Sivletunnelen er det ein brå avkøyrsel til høgre og her kan du parkere. Herifrå og heilt opp til Stalheimsfossen renn ei blå-grøn, krystallklar elv. Om lag halvvegs finn du plassen bileta er tatt. Om du skulle symje her, merk at det er veldig djupt. 
 

NB! Elva forandrar seg frå dag til dag. Ta eigne vurderingar av korleis vatnet ser ut, kvar straumen går og kor fort den går. Ein må berre bada når vasstanden er låg - ikkje hopp uti om du er usikker. Ikkje bad aleine. Bading på eige ansvar. 

Vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder