Oksen
©Outdoor Norway

Draumeferien er nærmare enn du trur

Tenk å kunne oppleve storslått natur, stort utval av heftige aktivitetar for store og små, og samstundes vere sikra førsteklasses avslapping i unike omgjevnader - og det bare nokre timar unna der du bur. Velkommen til Voss!

Norgesferie har knapt vore så aktuelt som det er i år, og i Vestlands-bygda står opplevingane i kø. Voss er verkeleg ein stad der du kan drøyme stort, og bort frå kvardagen. Her kan du få eineståande opplevingar du seint vil gløyme, og det i dei mest utrulege omgjevnadene. 

Voss ligg sentralt til på Vestlandet og er allereie godt etablert som eit ferieparadis enten du søkjer fjord eller fjell, leik eller ro. Ein grunn til at nettopp denne staden har blitt eit naturleg reisemål, både for turistar og hytteeigar, er at det også er enkelt å komme seg hit. 

Voss Active

Familierafting. Foto: Voss Active
 

Bygda som ligg midt mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden er eit knutepunkt for buss og tog, og hit kan du kjøre med bil - uansett kva landsdel du kjem frå. Dette er eit norsk reisemål som passar alle, enten du reiser med familien - både ung og gamal, med venner, kjærasten eller solo.

Les her: For oversikt over overnattingstilbod

For den spenningssøkjande og livsnytaren

Særleg har bygda, som forøvrig berre ligger ein time med tog frå Bergen, tiltrekt seg adrenalinjunkies året rundt. Her fins høge fjell å suse ned på ski og snowboard om vinteren, og enda fleire mulegheiter for aktivitetar vår, haust og sommar for den som vil klatre, drive med paragliding, sykle offroad, hoppe fallskjerm eller rafte. Mange legg også turen til Voss under Ekstremsportveko, som finn stad nettopp her. I år er denne avlyst, men ikkje noko ligg til hinder for at du kan oppleve ekstremsport i sommar likevel - Voss byr på eit mangfold av opplevingar uansett. 

Les også: Sjekk kva aktivitetar Voss har å by på i sommar

Hanguren Panorama

Frå Hanguren kan ein ofte sjå paraglidera fyke over himmelen. Foto: Voss Gondol / Hunnalvatn Media

Sjølv om mange av dei "store barna", som jaktar fart og spenning, legg turen hit, er Voss definitivt eit reisemål der du også vil kunne lade batteria og berre nyte rein idyll. Bli derfor ikkje overraska om det einaste du ser til dei eventyrlystne er når dei rører seg som ein prikk på himmelen hengande i ein skjerm. 

Her går sommarferien

Det kan godt vere at dette blir året der de oppdagar at bilferie i Noreg både er kjappare, kjekkare og meir behagelig enn flyplasskaos og lange strekningar i lufta. Denne sommaren kan også vere ein anledning til å gi barna, og kvarandre, ein smakebit av dine ferieminner frå oppveksten, med fisketur, gardsbesøk og kjensla av å stå på toppen av eit fjell i norsk natur.

Bike and Hike

 Hike & Bike kombinerer sykkel og vandring, her med utsikt over Nærøyfjorden. Foto: Myrkdalen 

Les også: Dette er dei beste vandreturane i Vossa-traktene

Ikkje minst blir denne sommaren ein mulegheit til å skape nye minner som de enkelt kan oppleve igjen. Alt de treng å gjere, er å setje dykk i bilen og sette kursen mot nye eventyr. 

Les meir om Nærøyfjorden her: Vestnorsk fjordlandskap

<% totalFilter %> filter applicerade