CBIS 6568745
CBIS 6568746
CBIS 6568747
Vis hele bildet

Ekstremsportveko

Ekstremsportveko er den største ekstremsportfestivalen i verden, og eit av høgdepunkta i festivalbygda Voss. Ekstremsportveko 2020 vert arrangert 21.juni - 28.juni.

Under ekstremsportveko vert det arrangert konkurranser som kajakk, rafting, mtb-bmx, skateboarding, fallskjermhopp, paragliding, hanggliding, multisport, speed riding, klatring, vindtunell, langboard med meir. I ei heil veke utfordrar både nasjonale og internasjonale artistar utøvarar seg i sine element. Det er ikkje berre konkurranse som står i fokus under Ekstremsportveko, minst like viktig er det å møte andre utøvarar, dele kunnskap og ha det gøy. Musikkprogrammet under Ekstremsportveko har også blitt ein viktig del av festivalen, dei siste tre dagane av arrangementet vil nasjonale og internasjonale artistar fiffe opp festivalen med musikk i ulike sjangrar, både pop, rock, funk og reggie!

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 21 June 12:00