CBIS 6599736
Show full image

Kjerringdagen i Voss Resort

Bli med på kjerringdag i Voss Resort 7. mars! Lavterskel-aktivitet for damene, med flotte premiar!

Laurdag 7.mars er det duka for årets kjerringdag på fjellet!
Kjerringdagen har dei siste åra vorte eit svært populært arrangement i Voss Resort, så dette er dagen å ta med seg mor, syster eller venninner på ski og afterski.​

Program:
10.00 – 12.00: Utlevering av svarskjema på Hangurstoppen.
Hent ut skjema og ta turen rundt på fjellet og finn postane. Du tek det i ditt eige tempo – lever inn svarskjema på “gamle” Hangursrestauranten innan kl. 14:30.
12.00: Lunsj på “gamle” Hangursrestauranten. Suppebuffèt.
15.00: Premieutdeling på “gamle” Hangursrestauranten.
15.00: Afterski med DJ på Hangurstoppen
Alle damer kan svara på quizen, men ein må vera min. 20 år for å delta på premieutdeling og få premie.

Contact information

Occasions

  • 07 March 10:00