Nyheiter
Covid-19 situasjonen på Voss
Oppdatert 12. februar
Velkomen til Voss på ski
Voss Herad skriv 11. februar: Situasjonen vert vurdert lik som den var for ei veka sidan. Jamt med nye smittetilfelle (3-5) kvar dag.
Dei nye retningslinjene frå regjeringa seier at skisentera får halde ope som vanleg med dei tiltaka som allereie er på plass. Kjem du til Voss med toget? Hugs munnbind og hald avstand til andre passasjerar.
På Voss skal du no bruka munnbind innandørs og der det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand. Det gjeld på skibussen, gondolen, varmestover/kafear, butikkar og elles i heile destinasjonen.
Bergen og Voss arrangerar NM-veka vinter 2022
Dato: 19.01.2021
Norges idrettsforbund og NRK har tildelt Bergen og Voss NM-veka vinter 2022. 10-15 idretter vil bli en del av arrangementet – som vil foregå på to ulike arenaer: Åsane Arena i Bergen og Myrkdalen i Voss herad. Dette skriv NIF i ei pressemelding, 17.01.21.
NM-veka er eit konsept som skal vise ulike greiner og mangfaldet i idrettane. Det er Norges idrettsforbund, NRK og Norsk Tipping som står bak konseptet, som blei arrangert i Stavangerregionen for fyrste gong i 2018. I evalueringskriteria ligg det blandt anna krav om erfaring med tilrettelegging av idretts- og kulturarrangementer, overnattingskapasitet og geografisk beliggenheit.
Det er ikkje fastsett kva idrettsgreiner som skal ta plass på Voss.