Photo:
Wild Voss
Snøbyge i jordalen
Photo:
Wild Voss
Topptur til Eilivseggi

Trygge toppturar i Vossafjella

Ny i topptur-gamet? Her er tips til fem trygge toppturar med flott skikøyring i fjella kring Voss.

Har du nett fått deg toppturutstyr, eller vil du utforska toppar som ikkje har den aller brattaste skikøyringa? Me har spurt to fjell-ekspertar på Voss om deira beste tips til trygge og fine toppturar. Øystein Ormåsen er guide og driv firmaet Wild Voss, og Steinar Hustoft er tindevegledar og dagleg leiar i Tindeguide. Begge tilbyr guida turar og kurs på Voss, og det er det ein grunn til.

- Voss er ein fantastisk plass å utforska for deg som er nybyrjar på ski og topptur. Du har kanskje ikkje dei spisse, dramatiske toppane som på Sunnmøre og i Romsdalen, men du har variert skiterreng i alle himmelretningar. Det betyr at ein alltid kan finna bra skikøyring, uansett nivå, seier Øystein.

Steinar seier seg einig, og vil trekkja fram Jordalen som ein heilt spesiell plass på Voss.

- Her har du noko av det beste toppturterrenget i bygda. Det som er så bra med å ha skikøyring i alle himmelretningar, er at du kan velgja plass ut frå korleis vêret har vore dei siste dagane. Har det vore mykje vêr og vind frå vest, finn du ofte best skikøyring i fjellsidene som vender mot aust. Men her skal ein sjølvsagt alltid ha skredfaren i bakhovudet, seier han. 

Portrett bilete av Øystein og Steinar
Øystein Ormåsen og Steinar Hustoft tilbyr guida turar og kurs på Voss

 

Øystein og Steinar sine beste tips:

1. Eilivseggi (1432 moh) – ski og tog i Raundalen

på veg mot Eilivseggi
Stigning i høgdemeter: Kring 700
Lengde på tur: Kring 4,5 timer

Raundalen er ein naturperle som strekk seg austover langs Bergensbanen. I dei øvre delane av dalen ligg togstasjonane tett, og her er det lett å kombinera togtur og skitur. Målet for turen, Eilivseggi, ligg nord for toglinja mellom Ljosanbotn og Upsete. Startplass for turen er togstasjonen Ljosanbotn, og hit kan du ta lokaltoget frå Voss på morgonen. Følg dalbotnen innover mot Gamlestølselvi og følg denne oppover mot 1070-vatnet. Herifrå vinn du høgde sørover mot Kleivafjellet. Følg ryggen mot Eilivseggi, forbi nokre mindre fortoppar. Nedover kan du køyra flankane mot Rustedalen, som byr på fin skikøyring og mange linjeval i slakare terreng. Finn den slakaste korridoren mellom bekkane ut av Rustedalen ned mot toglinja. Kryss toglinja på «mastetoppen», og gå bort til stølen ved idylliske Langvasstølen. Her, frå togstasjonen Vieren, kan du ta ettermiddagstoget attende til Voss.

2. Finnbunuten (1358 moh) – fjellet med lang sesong
Stigning i høgdemeter: Kring 600
Lengde på tur: Kring 3 timar

 Å gå til Finnbunuten frå Vikafjellet-sida er ein fin introduksjonstur som går i snilt terreng og med lite anmarsj. Det er også eit fjell der sesongen ofte startar tidleg, og varar langt utover våren. Køyr mot Vikafjellet på Rv13 frå Voss. Rett over hårnålssvingane på veg opp på fjellet finn du ein stor parkeringsplass på venstre sida av vegen. Du startar turen med å kryssa ei bru over elva på same side av vegen. Gå mot stølen som ligg i retning sør. Etter stølen fortset du 4-500 meter før du svingar vestleg. Fortset i same retning til du er framme på ryggen på 1100 moh. Det kan vera lurt å ta av seg skia i det brattaste partiet opp mot ryggen. Oppe på ryggen har du rett under 1,5 kilometer att bort til toppen. Følg same trasé som oppstigninga på veg ned.

3. Øyastølsfjellet (1342 moh) – ei perle i Jordalen

Skifolk på veg mot toppen
Stigning i høgdemeter: Kring 700
Lengde på tur: Kring 4 timar

Jordalen er eit snøsikkert område med fantastisk skiterreng der du mellom anna finn Øyastølsfjellet. Fjellet er eit supert turmål om vestlandsvêret herjar, her kan du likevel få gjennomført ein super dag på ski uavhengig av om skredfaren er høg. Start turen ved p-plassen nær Nosi, og følg scooterspora innover mot hyttetunet i Berdalen. Kryss elva på bru og sikt på hytta ved Øyastølen. Vest for deg har du no eit stort området med fint skiterreng og passe køyrebrattheit. Legg oppoverspora i retning 1237 moh-punktet på ryggen sør for Øyastølsfjellet. Undervegs passerer du enkelte mindre brattheng som det er enkelt å gå utanom når sikta er god. Frå toppen av Øyastølsfjellet kan du følgja oppoverspora dine ned att (til dømes om det er dårleg sikt), eller ta ein meir direkte linje langs ryggformasjonen rett aust for toppen. Dei siste 300 metrane ned mot dalbotnen går i flott, ope og skredtrygt terreng. 

NB! Nokre områder rundt Voss har villrein og tamrein. Reinen er sårbar for menneskeleg aktivitet. Trekk unna om du ser rein, og vel ein annan tur om du høyrer om rein i området. Jordalen er ein av dei plassane der vi har utfordringar med at skikøyrarar skremmer villreinen vekk frå dei beste beiteområda i fjellet på seinvinter og vår, vis difor særskild omsyn til villreinen på ski i dette området.
 

Tilbod til vårsesongen på ski:

4. Mykletveitveten (1131 moh) – klassikar med flott utsikt
Stigning i høgdemeter: 740
Lengde på tur: 3-4 timar

Traseen opp Mykletveitveten frå Hagen har ei passe krevjande oppstigning, og på nedkøyringa kan du ofte finna god snø. Køyr frå Voss på E16 i retning Bergen, og ta av mot Hamlagrø og så mot Hyljarås. Følg vegen ned bakken og over brua før du svingar til høgre. 500 meter seinare skal du halda til venstre opp ein bakke, før det går nedover nokre svingar. Etter 2 km deler vegen seg i to, hald venstre. Ved garden Hagen er det mogleg å parkera, men spør om lov fyrst! Du kan og parkera før du kjem inn på den private vegen. Gå nokre meter langs vegen, kryss brua og gå til høgre opp i skogen og innover ein dal. På eit punkt må du kryssa elva igjen for å leggja kursen mot ryggen som kjem i nord-austleg retning frå toppen. Følg ryggen heilt til topps. Ver obs på terrengfelle på kring 840 moh, her kan det liggja ein ustabil skavle. Ved utrygge forhold bør du passera dette punktet i ein sørleg retning i plassen for ein nordvestleg. Om snøen er stabil er det naturleg å leggja nedkøyringa i ei stor, open renne rett nord for Vardeggi. Etter renna tar du rett over den vesle dalbotnen, stakar deg nokre meter opp på Hovden, og ned mot elva der du finn dine eigne spor.
 

5. Skreieggi (1324 moh) – skjult perle med spennande terreng

Skikjører på vei ned frå Skreieggi
Stigning i høgdemeter: Kring 900
Lengde på turen: Kring 4,5 timar

Denne store flanken er vanskeleg å få auge på for dei som er på gjennomreise, og er eigentleg ikkje så mykje besøkt. Den store «bolleformasjonen» byr på mykje fint skiterreng, og har utfordringar for alle ferdigheitsnivå. I tillegg vert snøen ofte skjerma for vind i dette området, så her er moglegheitene gode for å finna god snø sjølv etter ein uvêrsperiode. Køyr på E16 frå Voss i retning Myrkdalen og ta av til venstre mot Lund. Parker på anvist plass og følg scooterspor innover mot Skreiavatnet i 1,5 kilometer. Her får du god utsikt mot flankane du kan køyra ned. Her er det viktig å leggja ein god plan, då det er ein del mikroterreng og terrengfeller her som ein må styra unna. Oppoverspora legg du til Steinset, følg scooterspor/sommarveg. Gå vidare opp ryggen mot sørsida av Steinsetnipa (1107 moh) og vestover mot den breie fjellryggen som leiar mot toppen av Skreieggi. Om det er dårleg sikt, bør du følgje oppoversporet ditt ned att og unngå den store flanken ned mot Skreiavatnet. I godvêr og stabil snø kan du velja deg ei linje ned mot vatnet. Sjå fram til artig skikøyring i varierande terreng – forhåpentlegvis i laussnø!

Kjelde: «Toppturar i Vossafjell» - Øyvind Birkeland

 

Stemning i sola

Gode tips til turen
Sjølv om ein er nybegynnar på toppturski, er det viktig at ein har erfaring med å vera ute i fjellet før ein legg ut på tur. Du må vera rusta for å klara deg sjølv, ha med skredutstyr, kart, kompass, ekstra klede, og godt med mat og drikke.
Følg med på vêrvarsel og skredfarevarsel i førekant av turen, og ver vaken når du er ute på tur. Ta faresignal på alvor, og snakk saman i grunna. Er det lurt å fortsetja, eller bør ein sjå på andre alternativ?
Ha litt sikkerheitsmargin på alle val du tek. Ute i fjellheimen er du langt frå skipatruljer og hjelpekorps. 
NB! Vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder.

Gode tips til turen

  • Sjølv om ein er nybegynnar på toppturski, er det viktig at ein har erfaring med å vera ute i fjellet før ein legg ut på tur. Du må vera rusta for å klara deg sjølv, ha med skredutstyr, kart, kompass, ekstra klede, og godt med mat og drikke.
  • Følg med på vêrvarsel og skredfarevarsel i førekant av turen, og ver vaken når du er ute på tur. Ta faresignal på alvor, og snakk saman i grunna. Er det lurt å fortsetja, eller bør ein sjå på andre alternativ?
  • Ha litt sikkerheitsmargin på alle val du tek. Ute i fjellheimen er du langt frå skipatruljer og hjelpekorps.
  • NB - vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder.