Photo:
Voss Fallskjermklubb
hopp fallskjerm på voss i sommar

Spenstige kurs i ekstremsportbygda Voss

Drøymer du om å padle elvekajakk ned ville stryk, fly som fuglen over fjordar og fjell, ta syklinga til eit nytt nivå, eller å jobbe som raftingguide? Lær noko nytt i sommar. På Voss har me spenstige kurs i luft, til vanns og på sykkelen som vil lære deg alt du treng til din nye hobby!

Er du av typen som blir rastlaus av å ligge på stranda? Voss har eit yrande miljø for bratt friluftsliv og eit hav av kurs innan guiding og ulike aktivitetar som du kan bli med på. Her får du nye opplevingar samstundes som du får brukt kroppen. Under har vi samla nokre av høgdepunkta.

Ein ferie hjå oss – ein hobby for livet.

Raftingguidar som raftar på VossRafting: Verdas beste kontor? Bli raftingguide på Voss i sommar!

GRATIS raftingguidekurs – Voss Active

Å jobbe som raftingguide er utfordrande, lærerikt og givande. Bli ein del av det profesjonelle teamet hjå Voss Active og opplev sommaren i ekstremsportbygda Voss! Voss Active treng fleire raftingguidar og inviterer til gratis raftingkurs i veke 25 på Voss. Vi har plass til 8-9 deltakarar og vil tilby raftingjobb til helst 6 av dei beste deltakarane etter endt kursgjennomføring. 

Krav til deltaking:
Over 18 år, busett i Noreg.
Har tidlegare tatt raftingkurs eller er erfaren elvepadlar (ca grad 3).
Vil takke ja til eventuell jobbtilbod og er tilgjengeleg heile juli og i august fram til skulestart eller lengre.

Kursdatoar 2021: 21. - 25. juni på Voss

Pris: GRATIS

Send søknad så snart som råd til [email protected]!

 

Fallskjermkurs (AFF) – Voss Fallskjermklubb (Skydive Voss)

Bli ein del av eit unikt og inkluderande miljø i Norges største fallskjermklubb. På 7 dagar kan du i sommar bli ein sjølvstendig fallskjermhoppar. Klubben legg også til rette for at du skal kunne vidareutvikle fallskjermkarrieren din etter kurset gjennom klubbkveldar, klubbtrening, kurs og mange andre sosiale arrangement Kvart år blir 120 nye hopparar utdanna her. Den veka du er på kurs bur, lærar og hoppar du på Bømoen Flyplass. Vil du heller bu aleine, kan du få teltplass i Eventyrskogen.  

Er du i tvil? Prøv eit tandemhopp før kurset eller test korleis det er å vera vektlaus i vindtunellen til Voss Vind.

Kursdatoar 2021:  30. april - 7. mai, 7. mai - 14. mai, 14. mai - 21. mai, 21. mai - 28. mai, 28. mai - 4. juni – engelsk, 4. juni - 11. juni, 11. juni - 18. juni, 18. juni - 25. juni, 9. juli - 16. juli, 16. juli - 23. juli, 23. juli - 30. juli, 30. juli - 6. august, 6. august - 13. august, 13. august - 20. august

Pris: 18 400 NOK (medlemskap/kontingent og forsikring til NLF​ kjem i tillegg)

 

To dagars kurs i elvepadling - Vått og Vilt

Lær elvepadling i bygda som arrangerer VM i bratt elvepadling i år! Vått og vilt tilbyr kurs for alle mellom 16 og 60 år. Kurset startar roleg  på stille vatn, deretter lærar du grunnleggande teknikkar og får opplæring i sikker åtferd på elva. Etter kurset sitt du igjen med mykje ny kunnskap, mange gode minner og våttkort i Norges Padleforbund sin kursstige. Elvepadling er skikkeleg Vått og Vilt!

Vått og vilt, kursdatoar: 22. – 23. Mai, 19. – 20. juni, 26. – 27. juni (Ekstremsportveko), 10. – 11. juli, 17. – 18. juli, 31. juli – 1. august, 7. – 8. August, 21. – 22. august, 11. – 12. sept, 18. – 19. sept, 25. – 26. sept (Vossa Jazz). Andre datoar på førespurnad.

Pris: 3500 NOK

Klatring på staup, med wild vossKlatring: Opplev meistring og glede som kun det bratte friluftsliv kan gi. Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media

«Try it» på Ekstremsportveko 2021 - 27. Juni – 4. Juli

I ei årrekkje har Ekstremsportveko tilbydd ulike aktivitetar for born, ungdom og vaksne. I år knyter me sport og aktivitet tettare saman igjen, og du kan prøve utvalde sportar. Du kan til dømes «try whitewater kayaking» og «try climbing» i år. Som deltaker vil du få oppleve ein god introduksjon av den gjeldande sporten, profesjonell innføring av dyktige instruktørar og ikkje minst, ei adrenalinfylt oppleving i kjent Veko-stil. Alle «try it» - aktivitetane vil finne stad under Ekstremsportveko 2021.

Ekstremsportveko har også fleire kurs om du vil fokusera på ein aktivitet. I år kan du til dømes delta på klatrekurs med Tina Johnsen Hafsaas. Det er satt opp både nybegynnar < grad 6 og erfaren > grad 6.

 

Nybyrjarkurs i terrengsykling - Myrkdalen

Kvar fredag frå 2.juli - 13- august arrangerer Myrkdalen nybyrjarkurs i terrengsykling, for vaksne! Har du lite eller ingen erfaring med stisykling er dette kurset for deg. Dette er den perfekt anledninga til å endeleg prøve ein ny hobby og etter at du er ferdig med kurset kan du utforske dei mange andre stiane på Voss eller bli med på ein guida MTB tur. Har du ikkje sykkel kan du leige dette hjå Myrkdalen Sport og Utleige så her får du verkeleg prøvekøyrd den nye hobbyen før du går til innkjøp av utstyr.

Kursdatoar 2021: Kvar fredag i perioden 02. juli – 13. august (på bestilling)

Pris: 650 NOK per person

 

Introduksjonskurs klatring – Wild Voss

Lær å klatre sikkert og sjølvstendig! Dette kurset gir deltakarane ei innføring i teknikkar og ferdigheiter som trengst for å klatre ruter som er sikra med boreboltar. Kurset er praktisk retta med mykje klatretid. Eit viktig mål er at deltakarane skal få føle meistring og glede ved å klatre ute. Etter fullført kurs kan du det som trengst for å klatre saman med vener og familie - både inne og ute. På slutten av kurset kan du ta brattkortprøve og få kursbevis.

Kursdatoar 2021: 8.-9. mai, fleire kursdatoar kjem

Pris: 3490 NOK per person

 

Sykling i høgfjellet med outdoor norway
Sykling: Vakkert landskap på stisykkeltur med Outdoor Norway.

 

MTB heildagskurs - Outdoor Norway

Med Outdoor Norway får du eit heildagskurs i terrengsykling skreddarsydd til ditt nivå. Sykkelmiljøet på Voss er stort og dei lokalkjende, profesjonelle instruktørane tar deg med til dei beste stiane. Har du ikkje prøvd MTB før, startar kurset med dei grunnleggande ferdigheitene. Er du meir eventyrlysten og erfaren legg guidane opp turen slik at du får utfordra grensene dine. Med internasjonalt sertifisert MTB instruktør er det berre å skru opp forventningane.

Kursdatoar 2021: 26. juni (Ekstremsportveko), juli 17, august 7, september 11

Pris: 950 NOK per person

 

Grunnkurs Paragliding – Voss Hang- og Paragliderklubb

Voss er ein av dei mest kjende og mest brukte flystadane på Vestlandet og i Noreg. Voss er ein svært godt eigna plass til paragliding og kurs. Området rundt oss har gode og lett tilgjengelege startar på alle vindretningar. No kan du også ta gondolen opp. Voss Gondol tar deg frå 56 moh til 820 moh på 9 minutt! På Hangurstoppen finn du hovudstarten for Voss Hang- og paragliderklubb. Kurset går over 9 dagar og er eit intensivkurs. For å få utsjekk som elev- pilot som kan fly åleine på staer der du har løyve av ein instruktør, må du ha minst 10 høgdeturar. På Voss har kurselevar ofte 15 til 18 turer før dei er på eigenhand.

Kursdatoar 2021: 14.-22.august

Pris: 9900 NOK per person

 

 

Praktisk info

Reis gjerne grønt til Voss. Bygda vår er eit trafikknutepunkt for både tog (VY) og buss og ligg sentralt plassert på Vestlandet.

Dei fleste kursa finn stad i nærleiken av sentrum. Elles er det mogeleg å komme seg rundt i bygda både med kollektiv transport og med el-sykkel frå VossaBike. Du finn både bygdesyklar, buss, tog og gondol ved Voss Stasjon.

Med tog:
Det er mange daglege avgangar frå Oslo og Bergen til Voss. Frå Bergen: 1 time og 10 minutt.
Frå Oslo: 5 timar 25 minutt

Med buss:
Voss er stopp for fleire gjennomgangsruter for ekspressbussar og rutebussar. Til dømes Sognebussen, Øst-Vestekspressen og Haukeliekspressen.Sognebussen, Øst-Vestekspressen, Haukeliekspressen

 

Overnatting

Er du på jakt etter rimelig overnatting? Her er ei lite liste over Campingplassar og Hostel slik at du kan bruke minst mulig på tak over hovudet og mest muleg på opplevingar;

 

<% totalFilter %> filter applicerade