Myrkdalen
©Myrkdalen / Sverre Hjørnevik

Difor er Voss eit av dei beste reisemåla i haust

Hausteventyret ditt på Viss er berre ein kort tog- eller biltur unna. Les meir om kvifor Voss er eit av dei beste reisemåla for heile familien!

Midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden ligg Voss - omkransa av fjelltoppar, vatn og fossefall. Dette er ein plass som ikkje berre er vakker å sjå på, men som også er fylt av muligheter for unike opplevingar for absolutt alle. 

LES OGSÅ: Fem fine fjellturar på Voss

Vandring med panoramautsikt, gondolbane, zipline- og klatrepark, sykkelløyper for alle nivå, golfbane, boblebad, gardsbesøk, fallskjermhopping, paragliding, rafting, padlebrett eller vindtunell er berre nokre av mulegheitene. I denne bygda ligg alt til rette for å samle ferieminner du seint vil gløyme.

Book ditt vossaeventyr her!

Myrkdalen sykkel

Sykkel for alle! Foto: Myrkdalen / Hunnalvatn Media

Erfarne folk gir deg unike opplevingar

Ein av fordelane ved å reise til eit etablert turistreisemål og hytteparadis er at aktivitetane er tilrettelagte og optimaliserte gjennom ei årrekkje. 

På Voss er det hundrevis av menneske som jobbar året rundt for å etablere organiserte opplevingar. Det betyr at når du bookar deg ei oppleving, møter du folk med erfaring, kompetanse og med eit brennande engasjement for sitt felt. 

Det gir aktivitetar av topp kvalitet slik at det du sit igjen med gode minner - og mest sannsynleg lyst til å reise tilbake.

Sjekk ut dette: Tømmerstokken på tivoli blir reine barnemat etter de har prøvd familierafting.

VossVind

Vindtunellen på Voss har ope heile året. Foto: VossVind

LES OGSÅ: To dagar og ei overnatting på Voss - dette kan du ikkje gå glipp av!

Slik kjem du deg til Voss frå dei ulike delane av landet: 

Reise frå Oslo til Voss
Tog
: Circa 5 timar og 30 minutt
Bil: Circa 5 timar og 30 minutt.
Buss: Circa 8 timar og 45 minutt (med bussbytte)

Reise frå Bergen til Voss
Tog
: Circa 1 time
Bil: Ca 1 time og 30 minutt
Buss: Ca 1 time og 30 minutt

Reise frå Stavanger - Voss
Bil:
Circa 5 timar
Buss via Bergen: Circa 8 timar

Reise frå Haugesund - Voss:
Bil:
Circa 3 timar og 30 minutt
Buss og tog via Bergen: Circa 5 timar

Reise frå Kristiansand til Voss: 
Tog via Oslo:
Circa 14 timer
Bil: Circa 8 timar

Les også: Derfor bør du leggje skiferien til Voss og Myrkdalen

<% totalFilter %> filter applicerade