Photo:
Voss Active
Voss Active
Photo:
VossVind/Sverre F. Hjørnevik
Voss Vind
Photo:
Voss Gondol / Hunnalvatn Media
Voss Gondol
Photo:
Myrkdalen / Hunnalvatn Media
Sykkel Myrkdalen
Photo:
Voss Active
Familierafting

Noregsferie med barn - derfor bør du velge Voss og Vestlandet

I sommar er året for Norgesferie! Legg du Noregsferien med barna til Vestlandet og Voss - kan du ta med deg heim mange gode ferieminner i bagasjen. I regionen finn du mange spanande, vakre og fartsfylte opplevingar, som passar for heile familien!

 

 

Sjå kva du kan finne på med familien på Voss, gjerne kombinert med dagsturar i regionen der du har Voss som base. 

Topp 6 familieopplevingar på Voss

Voss er kjend som Ekstremsportbygda - og festivalen Ekstremsportveko er eit av høgdepunkta i juni kvart år. I år utgår denne tradisjonen - men det er ingenting i vegen for å lage sin eigen "Ekstremsportveke" for heile familien. Mange trur kanskje at slike aktivitetar kun er for dei tøffaste - men hos oss finn du gøye, spanande og trygge aktivitetar. Våre guidar har årevis med erfaring og er i toppklasse. Sjekk ut desse forslaga til ein spanande familieveke på Voss: 

1. Familierafting med Voss Active

På denne turen kan heile familien bli med på rafting nedover elvene, der ein passerer mindre stryk og straumvirvlar. Ein får prøvd både store, stødige båtar og 2 småmannsraftar for dei som vil ha ei større utfordring. 

2. Vindtunell med VossVind

I vindtunellen kan du kjenne på luftige svev og fly som supermann! Nedre aldersgrense er 5 år, og det er ingen øvre aldersgrense. Supert for heile familien!

3. Klatre & Ziplinepark hos Voss Active

Sving deg mellom tretoppane og finn din indre Tarzan i Klatre & Ziplineparken omkransa av vakker natur. Her er det både små og store løyper, miniløyper og ziplinepark som er tilpassa ulike nivå. Kjekt for heile familien!

4. Sykkel i Myrkdalen

I Myrkdalen kan du leige sykkel, og ta eit sykkelkurs for born og vaksne der heile familien kan lære grunnleggande teknikkar. Her finn du også ein 850 kvm pumptrack i asfalt der både store og små kan leike seg!

Pumptrack i Myrkdalen

Pumptrack i Myrkdalen. Foto: Myrkdalen / Hunnalvatn Media

5. Gondoltur og vandring på Hanguren Panorama

Voss Gondol tek deg med frå togstasjonen og opp til Hangurstoppen på 820 moh, og på vegen opp får du ein luftig tur med fantastisk utsikt. På toppen har du utgangspunkt til Hanguren Panorama - ei rundløype som startar utanfor toppstasjonen. Rundløypa passar å gå både med barenvogn, til fots eller med sykkel.

Voss Gondol

Hanguren Panorama er ein familievenleg rundløype. Foto: Voss Gondol/Hunnalvatn Media

6. Fjelltur i familevenleg høgfjellsterreng

På denne turen går du i grønt og frodig landskap i Sendedalen. Turen er perfekt for små barneføter - og ruta går langs god sti i kupert terreng. Lengde på turen er kring 4 km, der ein set opp leir på vestsida av Lars-Olavatnet som blir base for lunsj, naturaktivitetar og for dei som tørr - eit forfriskande bad i fjellvatn!

Forslag til dagsturar i regionen med Voss som base

Med base på Voss ligg du midt i smørøyet for dagsutfluktar i regionen. Her er det kort veg både til Bergen, Hardanger og Sunnhordaland.

Bergen

Bergen er ein koseleg togtur unna Voss, og for ein dagsutflukt til Bergen kan du hoppe på toget. Det er mange togavganger om dagen, og togturen tek litt over ein time.  Frå togstasjonen er du klar for å utforske byen mellom dei 7 fjell, og det er gåavstander til ein rekke severdigheter. For heile familien anbefaler me særleg ein tur på Akvariet og Vil Vite-senteret.

1. Akvariet i Bergen er Norges største akvarium! Her kan ein sjå på rare, spenande og eksotiske dyr. Skapningar frå den tropiske regnskog, fjærstein, store havdyp og arktiske strøk møter du på her. Her møter ein på dyr som du garantert ikkje har sett før. Spanande for både store og små. 
 

Akvariet i Bergen

Foto: Akvariet

2. VilVite - læring og leikande utforsking. Barn vil ikkje berre sjå - dei vil delta! Vilvite er perfekt for å aktivisere barna - her finn du utstillingar som er full av interaktive installasjonar og som inviterer til utfordring av naturvitenskapens spanande verden. Her er det mykje å lære for både store og små gjennom leik og morro.

Hardanger

I Hardanger finn du kjente naturattraksjonar langs Norges nest lengste fjord. Frå Voss er det kort veg til dei ulike krokane av fjorden og du kan rekke innom ein rekke attraksjonar på vegen. Køyrer du med bil, anbefaler me å stoppe innom Skjervsfossen i Granvin på veg til våre to familievenlege anbefalingar i Kinsarvik og Eidfjord! 

1. Mikkelparken i Kinsarvik er ein liten times køyretur frå Voss. Her møter du revane Mikkel og Mikkeline. Mikkelparken har mange kjekke aktivitetar for barn opp til ca. 10 år og det er kort veg mellom opplevingane. Ta med badebuksa, her finn du tropisk badeland med sklie, som er populært blant dei yngste.

2. Norsk Natursenter i Eidfjord er også ein liten times køyretur frå Voss, frå Kinsarvik tek det ein halvtime. Her finn du eit spanande opplevingssenter for norsk natur, klima miljø med tematiserte utstillingar som både er lærerikt og gøy for born. Spesielt er visningen i kinosalen av panoramafilmen Fjord Fjell Foss eit høgdepunkt. Filmen er produsert av Ivo Caprino og tek det med på ein spektakulær helikopterflyging i Hardanger, der det kjennes ut som du er ombord. 

Les meir om Hardanger her

Sunnhordaland

Sør for Bergen ligg kystperleriket Sunnhordaland, her kan ein få eit nært møte med den vestlandske kystkulturen. Frå bil med Voss er det kring 2 timar og 40 minutt å køyre. Alternativ rute er å reise til Bergen og ta båten dersom du ønsker deler av reisevegen til havs.

Sunnhordaland og Moster byr på spanande viktinghistorie, og havfiske, sykling og vandring er aktivitetar du kan oppleve. For barnefamilier anbefaler me Vestlandets nye Geopark, ein spanande opplevelse for heile familien!

Planlegg ferien med kart

På reisen anbefaler me å ta i bruk dette interaktive kartet, som du kan benytte på mobilen. Her finn du fleire tips til familievenar aktivitetar i området: 
 

 

Avstander til dagsutfluktar

Reise frå Voss til Bergen

Tog: Circa 1 time
Bil: Ca 1 time og 30 minutt
Buss: Ca 1 time og 30 minutt
 

Reise frå Voss til Kinsarvik

Bil: 50 min
Buss: Ca 1 time

Reise frå Voss til Eidfjord

Bil: 50 min
Buss: Ca 1 time

Reise frå Voss til Sunnhordaland 

Bil: Ca 2 timar og 40 min 

Buss: Ca 4,5 timar via Bergen 

Ruteplanlegger for buss finn du her.

Treng du overnatting på Voss?

<% totalFilter %> filter applicerade

Bestill familievenlege aktivitetar:

<% totalFilter %> filter applicerade