Photo:
Hunnalvatn Media
Hangurstoppen
Photo:
Foto: Hunnalvatn Media
Sykling i Myrkdalen
Photo:
Foto: Voss Active
Rafting med Voss Active
Photo:
Foto: Hunnalvatn Media
Tur med Voss Gondol
Photo:
Foto: Voss Active
Mellom tretoppane i Klatreparken

Dette kan du gjera på Voss i september

Bygda vår har eit stort utval av arrangement og aktivitetar som du kan bli med på denne månaden. Her finn du info om alt, samla på ein plass!

Arrangement:

15. september: Vestland, Vestland

Vestland

I det humoristiske teaterstykket "Vestland, Vestland" får publikum vita ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på. 

Stykket går på Voss kulturhus, les meir her!

 

18. september: Vossakveik

Vossakveik

Vossakveik 2020 vert skipa til i Vossasalen på Park Hotel fredag 18.september! Vossakveik er seminaret som skal inspirera og engasjera, og fyre opp til god kveik. Temaet er "Voss - bygd for endring". Føredragshaldarar er Eirik Normann Hansen, Kathrine Aspaas og Vigdis Jordal.

Klikk her for å bestilla billettar!

 

19. september: Konsert med Hildo i Vossasalen

Hildo

Hildo hadde premiere på Vossa Jazz i 2018 og har etter det turnert – og ikkje minst spelt inn musikken på plate. Prosjektet er hylla og har motteke ståande ovasjonar frå både publikum og presse. Den 19. september kjem dei til Park Hotel og Vossasalen.

Klikk her for å bestilla billettar!

 

Kvar dag: Grebbes turbingo på Hangurstoppen

Hanguren Panorama

Grebbe har laga ei liste over ting du kan finna ute i naturen oppe på Hangurstoppen. Kor mange ting finn du?

Les meir og last ned bingo-ark her!

 

Rafting og kajakk:

Familierafting

Familierafting med Voss Active

Bli med Voss Active på ein artig tur på elva! Ein får prøve både store, stødige båtar som tek opp til 8 deltakarar, og små 2-mannsraftar (Duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Mykje bading og moro for alle over 5 år.

Turane går: Kvar dag fram til 11. oktober.

Klikk her for å bestilla!
 

Rafting

Rafting med Voss Active

Bli med på rafting med Voss Active, den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spanande, morosamt og passar for nybyrjar så vel som erfarne. Garantert ei fantastisk og våt oppleving!

Turane går: Kvar dag fram til 25. oktober.

Klikk her for å bestilla!

 

Tur med havkajakk til Sognefjorden

Havkajakk på Sognefjorden

Ein full dag med padling i Arnafjord i Sognefjorden. Denne mindre kjente fjorden er ein perfekt moglegheit til å komme vekk frå dei store båtane og folkemengdene av turister. Nyt freden og roen i fjordens vakre vatn, utan motorstøy, berre lyden av vatnet som plaskar mot kajakken din, og spruten frå åren i vatnet. 

Turane går: Kvar tysdag og fredag fram til 9. oktober

Klikk her for å bestilla!

 

4 timars padlemoro i elvekajakk:

Kajakkpadling

 Ei kjekk firetimars økt på elva med kajakk, som passar bra for firma eller vennegjengar. Her får du ei lett innføring i elvepadling, i trygge rammer og med gode og erfarne elvepadleinstruktørar.

Klikk her for å bestilla!

 

Klatring og klatrepark:

Voss Klatre- & Ziplinepark

Voss Klatre- & Ziplinepark

Voss Klatre- & Ziplinepark ligg i naturskjønne omgjevnader like ved Strandaelva. Parken har varierte, morsosame og utfordrende aktiviteter for alle alderstrinn. I parken er det totalt 60 ulike element og det høgste punktet er meir enn 14 meter over bakkenivå. Parken har også ein zipline-løype, og klatreløyper for dei minste.

Opningstider: Ope kvar dag fram til 30. august. Ope i helgar fram til 11. oktober. Ope i haustferien - frå 5. - 9. oktober.

Klikk her for å bestilla!

 

Klatreoppleving på Staup

Klatring på Staup

Klatring på ein solvarm klippe er herleg! Ved vakre Staup, nokre kilometer utanfor Voss, ligg ein idyllisk klatreklippe som byr på passelege klatreutfordringar for dei fleste. Med riktig utstyr og kompetent vegleiar frå Wild Voss får du høve til å prøve klatring og rappell.

Turane går: Kvar dag fram til 25. oktober.

Klikk her for å bestilla!

 

Voss Gondol:

Gondoltur, vandring og restaurant:

Foto: Hunnalvatn Media

Voss Gondol tek deg frå Voss stasjon og opp til Hangurstoppen på 820 moh, på 8,5 minutt! På toppen har du flott panoramautsikt til fleire av fjella som omkrinsar Vossabygda, og Hangurstoppen er også eit perfekt utgangspunkt for både korte og lengre vandreturar i fjellet. Hanguren Panorama er ei rundløype som starter rett utanfor toppstasjonen på Hangurstoppen. Dette er ein lett tur som passer for alle målgrupper, både med og utan barnevogn. Løypa, som er på 800 meter, byr på vakker panoramautsikt over Vossafjell, Lønavatnet og Voss sentrum. 

På toppen av gondolen finn du også Hangurstoppen restaurant som serverer mat basert på lokale ingredienser.

Opningstider for Voss Gondol fram til 23. august:

Søndag - fredag 
10.00 - 18.00 (siste retur)

Laurdag
10.00 - 20.00 (siste retur)

Opningstider for Voss Gondol frå 24. august til 18. oktober:

Onsdag - sundag: 10:00 - 18:00 (siste retur)

Klikk her for å bestilla billettar til gondolen!

 

Stolpejakt på Hanguren:

Stolpejakt

Stolpejakt er ein perfekt aktivitet for små og store. Her gjeld det å finna stolpar i området på Hanguren, som Voss IL si orienteringsgruppe har sett ut, og som er avmerka på eit kart. Stolpejakten er heilt gratis å delta på, og er ein spennande måte å utforska nye turområde på.

Les meir om stolpejakten her!

 

Sykkel:

Bike & Hike i Myrkdalen

Sykling i Myrkdalen

Bli med på sykkel og vandring - på ein og same tur! Turen startar på Myrkdalen Hotel og går på to hjul til Holo inst i vakre Kvassdalen, før ein fortset til fots til dei fine stølane i Vetle Grungen. 

Turane går: På bestilling kvar dag fram til 30. september

Klikk her for å bestilla!

 

Sykkelkurs for born og vaksne i Myrkdalen

Foto: Hunnalvatn Media

Myrkdalen tilbyr tre ulike sykkelkurs for born og vaksne:

- Teknikk-kurs for sykkel for born: Fokus på mestring og leik på to hjul

- Nybyrjarkurs i terrengsykling for vaksne: Grunnleggjande teknikk for deg som har lite eller ingen erfaring med stisykling

- Teknikk-kurs i terrengsykling for vaksne: Grunnleggjande teknikk for å meistra middels krevjande stiar, for deg som har noko erfaring med stisykling

Kursa er tilgjengelege: Kvar dag på bestilling fram til 30. september

Klikk her for å bestilla!

 

Guida el-sykkelturar i Myrkdalen

Stisykling i Myrkdalen

Halv- og heildagsturar på el-sykkel på grusvegane rundt Myrkdalen og på Vikafjellet. Begge områda byr på nydeleg utsikt og fine naturopplevingar. Kjenn krafta frå el-sykkelen og nyt naturen med gode vener og familie!

Turane er tilgjengeleg: Kvar dag på bestilling fram til 30. september

Klikk her for å bestilla!

 

Luftsport:

Voss Vind

Voss Vind

Fly som supermann i vindtunellen! For alle over 5 år - garantert ei oppleving du ikkje vil gløyma.

Opningstider: Alle dagar frå 11:00 - 19:00

Klikk her for å bestilla flytid!

 

Tandem fallskjermhopp

Skydive Voss

Hopp ut frå eit fly 4000 meter over bakken og opplev fritt fall i 45 sekunder! Hoppet vert utført i lag med ein tandeminstruktør, og er ei adrenalinfylt oppleving i trygge rammer. Garantert ei oppleving for livet!

Tilgjengeleg: Kvar dag fram til 30. september. OBS: Vêravhengig!

Klikk her for å lesa meir og bestilla!

 

Tandem paragliding

Foto: Erik Østlie

Opplev den enklaste måten me menneske kan fly på, og sjå Voss frå lufta! Som regel startar turane på toppen av Voss Gondol, og du og piloten flyr ned til Vangen. Det er også mogleg å bli trekt opp med båt på Vangsvatnet.

Tilgjengeleg: Kvar dag heile året. OBS: Vêravhengig!

Klikk her for å lesa meir og bestilla!

 

Golfing:

Voss Golfbaner:

Voss Golf

9-hols golfbane, idyllisk plassert ved Lønavatnet. Golfbanen har også klubbhus, kafé, golfsimulator og treningsområde. 

Banen og treningsområdet er ope kvar dag. Driving range er ope kvar dag mellom 07:00 - 19:00.

Klubbhuset er ope kvar dag mellom 07:00 - 21:00, og har automatar for sal av polettar til driving range, brus, kaffi og snacks.

Les meir om Voss Golfbaner her!

 

Fiske:

Familievenleg aurefiske i ferskvatn

Fisketur i Myrkdalen

Bli med ein lokalkjend guide på aurefiske i eit lokalt fiskevatn i Myrkdalen! Dette er ein familievenleg aktivitet med fiske og naturoppleving i fokus. Me tilpassar turen etter vær, vind og gruppa sitt ynskje. Me har ulike og attraktive alternativ som strekk seg frå aurefiske frå robåt til høgfjellsfiske på Vikafjell. 

Turane er tilgjengeleg: Kvar dag på bestilling fram til 30. september

Klikk her for å bestilla!

 

Guida vandreturar:

Kiellandbu

Her finn du tips om ulike vandreturar med guide som du kan bli med på utover seinsommaren og hausten. Turane er i ulik vanskegrad, og nokon av dei er tematiserte der ein kan læra meir om til dømes handverkstradisjonar eller stølsliv. Klikk på lenkjene for å lesa meir om turane og for å koma til bestilling.

 

- Guida tur til Bordalsgjelet: Ei minnerik og sentrumsnær turoppleving for alle aldrar og nivå

- Handverkaren sin tur: Ein nydeleg fottur der du lærer om gamle byggetradisjonar av ein fagmann

- Guida historisk vandretur til Sverrestigen: Ein sprek vandretur i det same området som Kong Sverre kjempa i år 1177

- Guida tur til Kiellandbu: Ein familievenleg tur i magisk fjordlandskap - til hytta på kanten av stupet

- Guida tur til Breiskrednosi: Spektakulær fjelltur med utsikt over UNESCO-lista Nærøyfjorden

- Guida tur til Bakkanosi: Ein klassikar av ein fjelltur i hjarta av verdsarven ved Nærøyfjorden

- Guida tur til Oksen i Hardanger - Ein mektig topptur med panoramautsikt over Hardangerfjorden

 

Kultur:

Voss folkemuseum

Mølstertunet

Eit friluftsmuseum med tre gardstun og ein fantastisk utsikt over Vossebygda.

Opningstider: Fram til 31. oktober er Voss Folkemuseum ope måndag til fredag frå 10-15 og sundagar frå 12-15.

Klikk her for å lesa meir!

 

Vikinglandsbyen i Gudvangen:

Njardarheimr

Reis tusen år tilbake i tid og opplev korleis det var å vera viking! På den guida turen i vikinglandsbyen får du læra meir om byggeskikk, religion, mat og handverk i vikingtida.

Opningstider: Ope kvar dag, frå 10:00 - 18:00

Klikk her for å lesa meir!

 

Bading:

Vossabadet

Vossabadet

25 meter langt treningsbasseng, oppvarma basseng med 32 grader, stupebasseng med ein- tre- og femmeter, badstu og sklie.

Klikk her for opningstider og meir informasjon!

 

Elvatun Friluftsspa:

Elvatun friluftsspa

Tre store utandørs boblebad, lafta vedfyrt badstove, badestamp og trapp ned til elva. Boblebada held 40 deilige varmegrader og passar difor like godt til både after-rafting som after-ski.

Tilgjengeleg: På bestilling

Klikk her for å lesa meir!

Treng du overnatting? Sjå her!

<% totalFilter %> filter applicerade