Photo:
Hunnalvatn Media
Voss Gondol
Photo:
Outdoor Norway
Oksen
Photo:
Voss Active
Rafting

To dagar og ei overnatting på Voss - dette kan du ikkje gå glipp av

 

Vil du på tur med familien, kjærasten eller vennegjengen? Her er våre beste reisetips for ei helgetur på Voss i haust!

Voss har kledd seg i haustdrakt, og byr på eit mangfald av opplevingar og aktivitetar. Vil du ta det heilt med ro, nyta haustfjellet på vandretur, og kosa deg med god mat laga på lokale råvarer? Eller er du ute etter ei helg med litt fart og spenning? Her er våre beste reisetips til deg som vil oppleva Voss med vennegjengen, familien eller kjærasten.

Leik og moro for liten og stor - perfekt turhelg for barnefamilien

Dag 1: Reis til Myrkdalen - eit sykkeleldorado for barnefamiliar! I sportsbutikken i den vakre fjellbygda kan du leiga terrengsykkel for barn og vaksne, og utforska moglegheitene rundt hotellet. Pumptracken på 850 kvadratmeter er open for alle, kvar dag, i heile haust. Det er også den splitter nye hopplinja, der både liten og stor kan prøva seg på hopp i ulike storleikar. På oppsida av Myrkdalen Hotel er det også ei sykkelløype med to grøne og ei blå sløyfe, der du kan øva teknikk på små element.

Myrkdalen sykkel

Pumptracken i Myrkdalen. Foto: Hunnalvatn Media

Les meir om sykling i Myrkdalen her!

Overnatting og middag: Sov godt på Myrkdalen Hotel, som akkurat no har knallgode tilbod på overnatting i haust. Middagen tek de på restaurant Tunet – den steinomnsbakte pizzaen er alltid ein slager for dei minste! 

Dag 2: Ta turen til Voss sentrum, som har flust av aktivitetar for barnefamiliar! Sus til fjells med Voss Gondol, og la dei minste prøva seg på Grebbes Turbingo på toppen. Eller kanskje de vil på stolpejakt? Om vestlandsvêret slår til og regnet høljar ned, er ein tur i Vossabadet eller VossVind perfekte aktivitetar.

LES OGSÅ: Fem fine fjellturar på Voss

 

 

Romantisk kvalitetstid til fjells - ta med kjærasten på tur

Dag 1: Nyt haustfjellet og haustfargane saman på vandretur – berre de to eller med guide. Turen til Kiellandbu er ein middels tung tur som tek kring 5-6 timar, og har fantastisk utsikt ned mot Hardangerfjorden. Om de er interessert i ein litt tyngre tur, kan me anbefala turen til Breiskrednosi, som er best å gå med guide. Turen tek kring 8-9 timar, og på toppen vert du belønna med panoramautsikt over Nærøyfjorden. Les meir om guida vandretur til Breiskrednosi her.

Breiskrednosi

På toppen av Breisrekdnosi. Foto: Wild Voss

Overnatting og middag: Store Ringheim Hotel er ein fleire hundre år gammal gard, som har vorte restaurert av familien og gjort om til eit boutiquehotell med 15 heilt unike rom. Det eine rommet er ei 300 år gammal årestove der du verkeleg kjenner det historiske suset i veggane. Perfekt for ei romantisk helg! 

Store Ringheim har også ein fantastisk restaurant – FLOR’N, som ligg i det som var låva på garden i gamle dagar. Her får du servert mat av høg kvalitet basert på lokale råvarer – gjerne så kortreist som rett frå hagen!

Dag 2: Utforsk Vangsvatnet saman og leig ein båt, kano eller kajakk! Om de vil vera ekstra romantiske, kan de padla saman i ein tandemkajakk. Avslutt dagen med utandørs boblebad eller badstove! Og kanskje eit bad i elva, om de tør…?

LES OGSÅ: Derfor bør du leggje skiferien til Voss og Myrkdalen

 

 

Skap minner for livet - inviter med deg vennegjengen

Dag 1: Ta turen til fjells med Voss Gondol, spis lunsj på Hangurstoppen Restaurant, og fly ned att. Tandem paragliding er ein perfekt måte å oppleva Voss på – frå lufta! Med beina godt planta på jorda att kan de ta turen vidare til Voss Active og prøva Voss sin mest populære haustaktivitet – rafting! Her får heile gjengen oppleva fart og spenning, samtidig som de må samarbeida som eit lag. Garantert ei minnerik oppleving!

Rafting med Voss Active

Full fart på rafrting. Foto: Voss Active

LES OGSÅ: 8 aktivitetar du bør oppleva på Voss

Overnatting og middag: Voss Resort har flotte utleigehytter som passer perfekt for vennegjenger på tur, og har veldig gode tilbod på overnatting no i haust.
Middagen anbefalar me at de tek på restaurant Haik, på Scandic Voss. Den beste burgeren i bygda!

Dag 2: Bli med på klatretur med Wild Voss! Ved vakre Staup, nokre kilometer frå Voss, ligg ein idyllisk klatreklippe som byr på passelege klatreutfordringar for dei fleste. Avslutt dagen med utandørs boblebad, badstove og noko godt i glaset hjå Voss Active.

 

Ikkje gå glipp av dei beste vossatilboda!