Photo:
Hunnalvatn Media
Hunnalvatn Media
Photo:
VossVind
VossVind
Photo:
Voss Bowling
Voss Bowling

Topp tre inneaktivitetar på Voss

Herjar vestlandsvêret som verst, eller treng støle bein ein aldri så liten pause? Her er våre beste tips til dei aller beste inne-aktivitetane på Voss.

1. Voss Vind

 

Vil du kjenna på korleis det er å fly? VossVind er Noregs fyrste vertikale, resirkulerande vindtunnel, og her kan du fly i trygge og kontrollerte omgjevnader. Dette er ein spennande og minnerik aktivitet, som passar for alle aldrar. Nedre aldersgrense er 5 år, og den eldste som har flydd i vindtunellen er 100 år!

Med ein grunnpakke på 3 minutt, får du to runder med flyging inne i tunnelen på 1,5 minutt. Du får også instruksjon i førekant, leige av utstyr og ein instruktør som er med deg heile tida inne i tunnelen.

 

2. Voss Bowling

Eit slag bowling er perfekt for inne-dagar, og får som regel opp konkurranseinstinktet hjå heile familien! Hjå Voss Bowling finn du 8 bowlingbanar, biljardbord, eit spennande leikeland for borna på 300 kvadratmeter, og restaurant med mykje god mat og drikke på menyen.

familie på bowling

Voss Bowling

Voss Bowling

 

 

3. Vossabadet

 

Velkomen inn i Vossabadet! Her er det noko for ein kvar smak, og tre ulike basseng:

  • Treningsbassenget: 25 meter langt og held internasjonal konkurransestandar. Med seks symjebaner er det god plass til både mosjonistar og aktive symjarar. Her vert det også lagt ut ein kjekk hinderløype i helger og ferier!
     
  • Stupebassenget: Djupt stupebasseng og stupetårn med ein-, tre- og femmeter, og ei sklie frå toppen av femmeteren.
     
  • Opplæringsbassenget: Deilig basseng som held 32 grader. Spesielt populært blant barn, familiar og eldre!

Vossabadet har også badstu og kiosk.

Bonustips:

 

<% totalFilter %> filter applicerade

Overnatting i vinter:

<% totalFilter %> filter applicerade

Ikkje gå glipp av dei beste vossatilboda!