Photo:
Sverre F. Hjørnevik
Myrkdalen
Photo:
Eva Erikstad
Voss stasjon
Photo:
Jon Hunnålvatn Tøn
Voss Resort
Photo:
Sverre F. Hjørnevik
Myrkdalen
Photo:
Erik Østlie
Voss Resort
Tog

Ta skitoget til Voss i vinter!

Bli med skitoget til Voss midt i veka, og få skianlegget og snøen for deg sjølv! Pakka inkluderer togbillett tur/retur frå Oslo, 2-dagars heiskort og to overnattingar.

Har du ein fleksibel arbeidskvardag med fri midt i veka, eller kan du ta med deg kontoret til fjells? Bli med skitoget til Voss, og få ein herleg avkopling frå kvardagen. I skianlegga er det god plass midt i veka, og du får all den gode snøen for deg sjølv.

Gå på toget i Oslo måndag morgon eller ettermiddag, og slapp av eller jobb på turen over fjellet før du er på plass i vinterbygda Voss fem timar seinare. Tysdagen og onsdagen brukar du i eitt av våre to skianlegg, Voss Resort eller Myrkdalen, før ettermiddagstoget på onsdag tek deg tilbake til Oslo. 

Pakka inkluderer togbillettar tur/retur Oslo-Voss, overnatting i to netter på vald plass og 2-dagars heiskort i Voss Resort eller Myrkdalen. Heiskortet til Voss Resort inkluderer kveldskøyring tysdag.
 

Avgangar for midtveke-skitoget i veke 3 og 4:

Avreise Oslo

Måndagar klokka 08:25 eller 15:43

Ankomst Voss

Måndagar klokka 13:41 eller 21:05

Avreise Voss

Onsdagar klokka 17:09

Ankomst Oslo

Onsdagar klokka 22:27

 

Du kan velje mellom fire ulike pakker:

  • Pakke 1: Tog tur/retur Oslo-Voss, overnatting på Scandic Voss og 2-dagars heiskort + kveldskøyring i Voss Resort
  • Pakke 2: Tog tur/retur Oslo-Voss, overnatting på Myrkdalen Hotel og 2-dagars heiskort i Myrkdalen
  • Pakke 3: Tog tur/retur Oslo-Voss, overnatting i hytte i Voss Resort og 2-dagars heiskort + kveldskøyring i Voss Resort
  • Pakke 4: Tog tur/retur Oslo-Voss, overnatting på Voss Vandrarheim og 2-dagars heiskort + kveldskøyring i Voss Resort

 

Bestill her:

 

Dette er våre skianlegg:

På Voss finn du to av dei største skianlegga på Vestlandet, Voss Resort og Myrkdalen. Til saman har dei nesten 70 kilometer med alpinløyper for alle nivå, 20 skiheisar og spennande frikøyringsområde. 

Myrkdalen:
Myrkdalen ligg ein halvtimes køyretur frå Voss sentrum, og er kjend for å vera ein av dei mest snøsikre destinasjonane i Europa. Her har du også alt du treng på ein plass – hotell, skisenter og restaurantar. Myrkdalen har 22 varierte løyper, ni heiser, terrengpark og fleire flotte frikøyringsområde. Velgjer du skitog-pakka med overnatting og heiskort i Myrkdalen, tek du buss frå togstasjonen for å koma opp til anlegget.

Myrkdalen

 

Voss Resort:
Voss Resort har eit utruleg variert og stort skiområde som er tilgjengeleg med gondol direkte frå togstasjonen. Etter ti minutt i Voss Gondol er du på plass i løypene! Skianlegget har 11 heiser, 24 alpinløyper for alle nivå, terrengpark og fire varmestover med serveringstilbod. Voss Resort er også ein ypparleg plass å kosa seg utanfor løypene når pudderet kjem, her finn du mange ulike frikøyringsområde for både nybyrjarar og meir erfarne skikøyrarar.  

Voss Resort

 

Her kan du overnatta:

Scandic Voss:
Det største og nyaste hotellet på Voss!. Scandic Voss ligg på sjølve togperrongen, rett attmed Voss Gondol som tek deg opp til skianlegget Voss Resort. Hotellet har restaurant, bar, badstove og sjølvsagt Scandic si prislønte hotellfrukost.

Scandic

 

Myrkdalen Hotel:
Stort og flott hotell som ligg i bunnen av skianlegget i Myrkdalen. Nærmare løypene kjem du ikkje! Hotellet har også to barar og tre restaurantar der maten smakar som landskapet – vilt og reint. Hotellfrukost og transport til Myrkdalen er inkludert i prisen.

Myrkdalen Hotel

 

Hytter i Voss Resort:
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen – det nyaste hyttefeltet i Voss Resort! Hyttene ligg flott til like ved skibakken (ski inn/ski ut), og har vedomn og badstove, fullt utstyrt kjøkken og bad. Transport til hyttene er inkludert i prisen.

Voss Resort

 

Voss Vandrarheim:
Rimelegare overnatting i sentrum, 800 meter frå togstasjonen og Voss Gondol. Voss Vandrarheim ligg vakkert til med utsikt over Vangsvatnet, og har rom med toalett og dusj inkludert frukost. Fellesarealet med peis er ein populær plass å slappa av etter ein lang dag på ski. Tilgang på gjestekjøken.

Voss Vandrarheim

 

Avbestillingsreglar - Covid 19

Om skisentra Voss Resort og Myrkdalen vert pålagde å stengja ned grunna høgt smittetrykk, vert heile skitoget-pakka fullt refundert.

Elles gjeld desse avbestillingsreglane:

  • Avbestilling inntil 20 dagar før ankomst: Full refusjon
  • Avbestilling mellom 19 og 10 dagar før ankomst: 50% refusjon
  • Avbestilling under 10 dagar før ankomst: Ingen refusjon

Du må ha gyldig reiseforsikring for å få dekka avbestilling grunna sjukdom.