Vis hele bildet

Familievenleg fisketur til fjellvatn

Bli med ein lokalkjend guide på fisketur til eit fjellvatn i det vakre høgfjellsterrenget på Vikafjellet. Me startar turen med ein vandretur til vatnet der me slår leir og fiskar etter aure med stang.

Dette er ein familievenleg aktivitet og det er fleire eigna fjellvatn på Vikafjellet. Lengde på tur blir tilpassa kvar gruppe og varierer frå 2 km tur/retur til 10 km tur/retur. Turen blir avsluttta med grilling av dagens fangst med flatbrød inntil.

VIKAFJELLET
Vikafjellet er inngangsporten til Stølsheimen, fjellområdet som strekk seg mellom Sognefjorden, Vossafjella og Masfjordfjella. Dette området byr på grønt og frodig landskap og nydeleg høgfjellsterreng. Turen til fjellvatnet går inn Sendedalen som byr på barnevenleg og lettgått sti i kupert terreng.

ONLINE BOOKING
Denne aktiviteten er tilgjengeleg for online booking kvar dag frå 1. juli - 30. september.
Tidspunkt: Kl. 10.00 - 15.00

OPPMØTE OG TRANSPORT
Oppmøte i resepsjonen på Myrkdalen Hotel kl 10.00. Ein må ha med eigen bil. Ved behov kan transport organiserast.

KVA ER INKLUDERT
Guide og leige av fiskeutstyr er inkludert i prisen. Ta med egen mat, drikke og varme klede for dagen.

PRISAR
Vaksne: Kr 800
Born 7 - 17 år: kr 400
Born 0 - 6 år: Gratis
Familiepris: Kr 2000 (alle vaksne og born i same familie er inkludert)

Kontaktinformasjon

  • Destinasjon Voss

Anledninger

  • 01 July 10:00
  • 02 July 10:00
  • 03 July 10:00
  • 04 July 10:00
  • 05 July 10:00
  • 06 July 10:00
  • 07 July 10:00
  • 08 July 10:00