CBIS 4021904
CBIS 4871649
CBIS 4871650
Show full image
Vossestrand

Fisketur i båt - Myrkdalen Fjellandsby

Ta med heile familien på fisketur i båt på Opheimsvatnet.

Dette er ein familievenleg aktivitet der ein fiskar etter aure frå båt med oter eller stang. Oter er ei fjøl med line som har ca 10 fluger som går ute i vatnet medan båten med elektrisk motor har passe fart i forhold til vind og bølgjer. Stengene blir brukt samstundes til fiske med floge eller sluk / spinner.Turen blir avsluttta på land med spanande vikingleikar for heile familien og grilling av dagens fangst med flatbrød inntil.

ONLINE BOOKING
Denne aktiviteten er tilgjengeleg for online booking onsdag 3. juli og onsdag 7. august. Elles er aktiviteten også tilgjengeleg på førespurnad heile sommaren.

OPPMØTE OG TRANSPORT
Oppmøte utanfor Myrkdalen Hotel kl 10.00. Ein må ha med eigen bil.

KVA ER INKLUDERT
Guide, redningsvestar, fiskestenger og oter er inkludert i prisen. Ta med egen mat, drikke og varme klede for dagen

ANTAL OG ALDERSGRENSE
Maks seks personar per tur og anbefalt aldersgrense frå 5 år.

Occasions

  • 07 August

Map