cbis:2163107
cbis:2163107
cbis:2163107
cbis:2163107

Flytreff, av Voss Hang- og paragliderklubb

Palmehelga 2023 samlar Voss Hang og Paragliderklubb fleire arrangement til ei større flysamling. Dette vert stas både for dei som er i lufta og på bakken!

Det blir oppsamlingslanghelg for alle som har tatt speedriderkurs denne vinteren. Her blir det mulighet for utsjekkar, turar på nye startar, og instruktørar er tilgjengelige for å gjere ferdig kurs for dei som ikkje er i mål med heile progresjonen.

Voss Fun Cup blir arrangert fredag - søndag denne helga. Fun Cup var ein suksess i 2019. Dette er ein lavterskel distansekonkurranse med paraglider for dei som har lyst å lære seg å fly oppgåver, og prøve seg på konkurranseflyging.

Påmelding til konkurransen http://vosshpk.no/konkurransar/voss-fun-cup-2023/ eller direkte her https://minidrett.nif.no/Event#8668609-010

Me treng nokon frivillige om me skal få gjennomført konkurranse. Send ein mail til [email protected] om du kunne tenke deg å bidra. Me treng sjåfør til henting av pilotar, og nokon som kan vera med i arrangementskomiteen.

Elles så dette eit flytreff for absolutt alle som likar å vera i lufta(eller på bakken). Kom å kos deg, og bli med på starten av årets termikksesong.

Me legg opp til sosial samling på lørdagskvelden.

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 31 Mar

Produktegenskaper

  • Vår