Vis hele bildet

Førjolskonsert med Kvedarkvintetten

Velkomen til førjolskonsert i Osasalen!

Tagal - eit nyskreve verk som utforskar den ordlause delen av folkesongen. Komponert av Jorun Marie Kvernberg for vokalgruppa Kvedarkvintetten.

Kvedarkvintetten består av fem folkesongarar frå Hallingdal. Gruppa har vore sentral på den norske folkemusikkscena gjennom mange år, og har fleire spanande prosjekt bak seg, blant anna plata Julesong (Grappa) som kom ut i 2017. Kvar for seg er dei framtredande utøvarar innan folkemusikk og folkedans, og til saman er dei ei av dei ledande vokalgruppene i Noreg som dyrker folkesong i a capella format.

Det vil i tillegg snike seg med ein og annan julesong slik at vi også får kjenne litt på julesteminga denne desemberkvelden. Julesongane Kvedarkvintetten syng er henta frå det lokale vokalmaterialet i Hallingdal, og mykje av dette stoffet er å høyre på plata Julesong frå 2017

Margit Myhr – vokal, Sina Myhr – vokal, Helga Myhr – vokal, Tonje Risdal Liahagen – vokal, Silje Risdal Liahagen – vokal

Pris fra 250
kr /

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 08 Dec