CBIS 6070750
CBIS 6070745
CBIS 6070746
CBIS 6070747
CBIS 6070748
CBIS 6070749
Vis hele bildet
Voss

Guida MTB-tur til "The Great Hill" - Outdoor Norway

Bli med på ein guida stisykkeltur like utanfor Voss sentrum, med eit nettverk av sykkelstier!

Våre erfarne og lokalkjende guidar vil visa deg dei beste plassane i eit stort stinettverk like utanfor sentrum. Dette er mange lokale syklistar sin personlege favoritt-plass!

Denne turen passar bra for dei som er på middels eller høgt nivå i stisykling.

Varigheit:
3 timar totalt

Sesong:
8. mai til 13. oktober
Turar klokka 10:00 og klokka 14:30 kvar dag

Pris:
Vaksen: 900,-
Ungdom: 810,- (fødd etter 2005)
Familie: 3240,- (2 vaksne og to ungdommar)

Krav til deltakarar:
- Må vera minst 14 år
- Må ha middels eller god kunnskap om stisykling
- Må vera i god fysisk form
- Ver venleg å informera oss om medisinske tilstandar som astma, epilepsi, etc.

Dette er inkludert:
- Utstyr i topp kvalitet - fulldempa endurosykkel
- Hjelm
- Hanskar

Dette må du ta med deg:
- Komfortable klede å sykla med
- Snacks til å eta i løpet av dagen (niste, frukt eller nøtter)
- Ullundertøy om det er kaldt
- Vindtett jakke
- Solkrem om det er sol
- Solbriller

Møtestad:
Basen er eit telt som ligg ved Vangsvatnet, rett attmed kulturhuset og like framføre Fleicher's Hotel og Voss Gondol. Møt opp 10 minutt før turen startar.

Program:
1 - Check-in på basen vår 10 minutt før turen skal starta
2 - Få utstyr
3 - Rask oppvarming og tilpasning av syklar
4 - Me syklar ut av sentrum og mot Storåsen
5 - Sykling i Storåsen
6 - Me syklar attende til basen vår
7- Levere inn utstyr
8 - Vasking av syklane
9 - Me nyt ein kald ein. Skål!

Anledninger

  • 22 September 10:00
  • 22 September 14:30
  • 23 September 10:00
  • 23 September 14:30
  • 24 September 10:00
  • 24 September 14:30
  • 25 September 10:00
  • 25 September 14:30

Map