cbis:2037815
cbis:2037815
cbis:2037815
Skulestadmo

Guida topptur med Wild Voss

Vil du oppleve å sette førstesporet ned frå toppen av eit fjell eller i leikent skogterreng? Skaffa deg toppturutstyr og er klar for å utforske nye områder? Med ein kompetent og lokalkjend guide frå Wild Voss får du ein snarveg til den beste snøforholda.

Guida toppturar tilpassa ditt nivå
Vi har gjort det lettare for deg å velje rett tur. I menyen under finn du nivådelte turar. Vêret og snøtilhøva avgjer kva turplanen blir på den einskilde turen. Guiden veit kor sjansane er størst for å at du skal få ei god oppleving på ski, anten du er nybegynnar eller erfaren. Turane er delt opp i nivå slik:

Lett
Passar for deg som:
Er nybegynnar på toppturski
Veit lite om kor det er trygt å gå
Treng hjelp til å bruke utstyret rett
Vil ha kortare turar i lett terreng
Vil lære det grunnleggande om skred og trygge vegval
Vil på turar som varar i 3-5 timar

Middels
Passar for deg som:
Har vore på nokre toppturar før.
Er vand med å bruke skiutstyret.
Har litt skredkunnskap.
Vil på nokre av dei mest klassiske toppane nær Voss.
Vil på turar som varar i 5-7 timar.

Krevjande
Passar for deg som:
Har fleire topptursesongar bak deg
Er stødig på ski i brattare terreng
Er i solid fysisk form
Har grunnkurs skred eller tilsvarande
Vil på turar som varar i 6-9 timar

Kva får du oppleve?
Våre guida toppturar handlar om å skape meistring og skiglede i vinterfjellet. Mange av deltakarane på våre turar seier at dei vil sleppe å engste seg for om deira vegval og skredfarevurderingar er gode nok. Vi veit at du får ei betre turoppleving når du kjenner deg trygg og kan få råd og veiledning undervegs.

​Vi legg vekt på å tilpasse turplanen til vêr, snøforhold og gruppas behov. Målet er at alle skal få kjenne meistring og skiglede undervegs. Planen for dagen legg vi i lag, gjerne med ein god plan B i tillegg.
På guida tur kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet av å nyte godt av guiden sin kunnskap. Vi legg opp til opne gruppeprosessar som sikrar aktiv deltaking og læring for alle.

Kvifor bli med på ein guida topptur?
Våre guidar førebur turen grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Vi er på ski i Vossafjella heile vinteren. Vi har oppdatert informasjon om snøtilhøve og solid områdekunnskap.

Guidens erfaringar frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område. Tryggheit gir større turglede!

Sesong
Frå snøen legg seg i desember til slutten av mai.

​Krav til deltakarar
Er du frisk og har normal turform kan du bli med oss på topptur. Deltakarar må vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon. Vi følger dei gjeldande Covid-19 tiltaka. Du finn meir informasjon om kven turen pasar for under kvar turkategori.

Prisen inkluderer:
Alle guiden sine førebuingar
Våre reisekostnader
Alt naudsynt tryggleiksutstyr
Leige av skredutstyr
Turleiing og undervisning av kvalifisert guide.

​Ikkje inkludert i prisen:
Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).
Leige av skiutstyr.

Om du vil ha meir informasjon om turen så kontakt gjerne Øystein på telefon +47 93484041 eller send ein e-post til [email protected] eller sjekk ut nettsida.

Bestill her

Kontaktinformasjon

Map