CBIS 6691660
CBIS 6691661
CBIS 6691662
CBIS 6691663
CBIS 6691664
Vis hele bildet
Skulestadmo

Guida tur til Bordalsgjelet - Wild Voss

Har du knapt med tid, men lyst på ei minnerik turoppleving på Voss? Då er denne turen for deg. Vår guida vandretur til det ville Bordalsgjelet tek om lag 3 timar og kan tingast kvar dag i sommarsesongen.

Turen går gjennom Voss sentrum fram til munninga av Bordalen, der Bordalselvi har gravd ut ei dyp fure i terrenget og skapt store jettegryter nær elva langt der nede. Imponerande og vakkert!

Med vår erfarne guide får du ein lærerik tur. Vi tek opp tema som geologi og historie og livet på Voss.

Turen er lettgått og passar for alle. Vi går sakte, held saman og tek fleire pausar undervegs for å bli betre kjend med kvarandre og området. Turen går rett på utsida av bygdesenteret Vossavangen.

Sesong
Daglege turar i perioden 15.mai 2020 til 31. oktober 2020.

​​Praktiske detaljar
Møt opp utanfor vårt kontor i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 10.00, midt på Torget. Her blir det ein kort presentasjonsrunde og gjennomgang av bekledning og utstyr før vi begynner å gå.

Turen tek om lag 3 timar og avsluttast same staden som han starta.

Denne turen kan og gjennomførast om ettermiddagen, på forespurnad. Ta kontakt for å avtale tidspunkt.

Dette er den perfekte turen for å nytta din tid med ein fin og lærerik oppleving her på Voss, sjølv om du berre blir éin natt i bygda!

​Krav til deltakarar
Denne turen passar for dei fleste. Du treng ikkje å vere i god form. Turen går i lett terreng, i hovudsak langs grusvegar og på gode stiar. Du bør ha godt fottøy og vasstette klede da vêret kan skifte fort.

​Naudsynt bekledning og utstyr

På turen treng du dette:

- Gode vandresko eller joggesko.
- Vind- og vasstette klede (skalklede) ved behov.
- Solbrillar og solkrem er ein god idé.
- Liten ryggsekk (10-20 liter).
- Drikkeflaske på varme dagar.

​Prisar og vilkår
Prisen for vaksne er kr 750,- per person. Pris for born mellom 7 år og 14 år er kr 550,- per person. Nedre aldersgrense er 7 år.

Gruppestorleik: 1-20 deltakarar. Ved fleire enn 12 deltakarar blir det med to guidar på turen.

Inkludert i prisen:
- Følge av ein erfaren, fleirspråkleg guide på heile turen.
- Snacks og varm drikke.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Vandrestavar om naudsynt

Ikkje inkludert i prisen:
- Reisa til Voss.

​For reservasjon, spørsmål og anna:
Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til [email protected] .

Bordalsgjelet turdetaljar

Samla distanse : Om lag 6 km.
Estimert tidsbruk : Om lag 3 timar totalt.
Samla stigning : 50 meter.
Turgradering : Enkel (grøn).
Familievenleg : Ja, for born som har fylt 7 år.

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 01 August 10:00
  • 02 August 10:00
  • 03 August 10:00
  • 04 August 10:00
  • 05 August 10:00
  • 06 August 10:00
  • 07 August 10:00
  • 08 August 10:00

Map