cbis:1975448
cbis:1975448
cbis:1975448

Guida tur til Breiskrednosi og Rimstigen, Wild Voss

Nærøyfjorden er ein av dei mest spektakulære fjordane i Noreg. Denne unike kombinasjonen av natur og kultur har gitt Nærøyfjorden ein velfortjent plass på UNESCO si verdsarvliste. Frå Breiskrednosi får du verdsarven frå orkesterplass, 1189 meter over fjorden.

Turbeskrivelse
Etter ein liten times køyretur frå Voss kjem vi til den idylliske bygda Bakka ved Nærøyfjorden. Her endar vegen, og vi finn parkering nær starten av Rimstigen. Vi følgjer Rimstigen gjennom frodig lauvskog i bratte slyng opp mot den vakre fossen i Tufteelvi. Undervegs kan vi undra oss over korleis det gjekk for seg når husdyr vart førte til fjells opp denne stien i gamle dagar.

Etter kvart som vi vinn høgde, blir utsikta meir og meir storslått. Ved 700 meters høgde flatar stien ut, då vi går inn i hengedalen mot Rimstigbotnen. Kanskje det passar med ein pust i bakken her? Langt under oss ser vi små båtar og kajakkpadlere på den smalen, blikkstille Nærøyfjorden.

Stien vidare passerer tregrensa og tar oss i bratte slyng opp Skarsbakkane til det krystallklare Skarsvotni. Her hoppar vi frå stein til stein over elveosen før vi tar oss opp til det viddelignende landskapet nær Rimstigfjellet. Her oppe hender det at vi får sjå villrein. Endeleg nærmar vi oss den spektakulære toppen av Breiskrednosi, 1189 meter over fjorden. Heldigvis er den siste stigninga snillare enn den først gir inntrykk av.

På toppen av Breiskrednosi unner vi oss ein god kvil og god mat mens vi beundrar den uforglemmelige utsikta. Returen går den same vegen tilbake.

Kva får du oppleva?
Dette fjellområdet er vilt og vakkert, med natur som i stor grad er inntakt og utan inngrep. Ruta frå Bakka til Breiskrednosi er ein av dei flottaste i fjordnaturen vår! Undervegs får du bratte bakkar, slitne bein, friskt fjellvatn, ope viddelandskap og vakre fossar. Utsikta frå Rimstigen og Breiskrednosi vil du hugsa lenge!

Sesong
Bestilling er mogleg kvar dag i perioden 23.juni til 15.oktober.

Krav til deltakarar
Turen til Breiskrednosi er ein lang vandretur som går i flott høgfjellsterreng. Vêret kan bli friskt, og snøbyer er ikkje uvanleg på dei høgaste toppane sjølv midt på sommaren. Du bør vera i nokolunde god turform og ha gått turar utanfor stiar i høgfjellet før. Turen er ikkje teknisk krevjande, men har fleire bratte passasjer. Toppen av Breiskrednosi har eit luftig stup mot sør, men du vel sjølv kor luftig du vil ha det på toppen.

Turen til toppen av Rimstigen er bratt, men mykje kortare enn turen til Breiskrednosi. Etter ca 2,5 timars vandring og 700 meter stigning står vi ved tregrensa og nyt utsikta og den ville naturen langt under oss.

Ta med deg:
- Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.
- Vind- og vasstette klede (skallbekledning).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ei ekstra t-skjorte.
- Ekstra genser eller lett fleecejakke.
- Solbriller og solkrem.
- Vandrestaver er ein god idé.
- Lua eller caps, hanskar.
- Drikkeflaske og litt tursnacks.
- Ta gjerne med badetøy og håndkle til returen.

Prisar og vilkår
Prisen er kr 1990,- per person (minstepris kr 3980,-). Vi gir grupperabatt på 25% for grupper på minst 4 personar.
Gruppestorleik: 2 - 8 deltakarar.

Inkludert i prisen:
- Følgje av ein kompetent guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke.
- Alt nødvendig tryggingsutstyr.
- Informasjon og oppfølging før turen.
- Tilgang til å låna ekstra klede og vandrestaver kostnadsfritt ved behov.
- Biltransport til og frå Bakka, startstaden for turen.

Ikkje inkludert i prisen:
- Tog eller annan reisemåte til Voss.

Ved å reservera plass på denne turen aksepterer Wild Voss sne kjøps- og avtalevilkår (pdf).

Litt om ansvarleg turisme og berekraft
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å redusera det økologiske fotavtrykket til turane og aktivitetane våre. Vi følgjer dei oppdaterte GSTC-kriteriene for eit ansvarleg reiseliv.

Som deltakar på ein av turane våre kan du vera trygg på at:
- Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogleg.
- Turane våre går til fots, på truger eller på ski. Ferda vår i naturen bidrar ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema omkring oss.
- Guiden din deler gjerne kunnskapen sin om lokal natur, kultur og stader vi besøker.
- Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.
- Guiden din vil framsnakke varsam og naturvennlig ferdsel og auka medvitet ditt om lokalt dyre- og planteliv.
- Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.
- Vi jobbar for å minimera avfallsmengda, og vel derfor produkt og emballasje med lang levetid.

Har du spørsmål om turen?
Kontakt Øystein på +47 93484041 eller send ein epost til [email protected]

Breiskrednosi og Rimstigen turdetaljer
Samlet distanse: Omtrent 18 km (Breiskrednosi rundtur) eller 7 km (Rimstigen rundtur)
Estimert tidsbruk: Ca 9 timar frå bil til bil (Breiskrednosi) eller 4 timar (Rimstigen).
Samla stigning: 1450 meter (Breiskrednosi) eller 750 meter (Rimstigen).
Turgradering: Krevjande (Breiskrednosi) Moderat (Rimstigen) Mykje bratt sti. Kryssing av nokre elvar. Nokre snøfelt. Tidvis dårleg vêr.
Familievennlig: Breiskrednosi: Nei. Rimstigen: Ja. Aldersgrense 8 år.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Høst

Map