Guida turar i vinter

Anten du har lite erfaring med aktivitetar i snøen eller ønsker å utvikle dine ferdigheiter, så finnast det eit spekter med guida turar i vinter som du kan delta på. Du kan både bli med på guida trugeturar der du får kjenne på snøen og oppdage vinterfjella på Voss, eller oppdage jettegryner på vintervandring langs Bordalsgjelet. For dei som er meir erfarne finnast det 3-dagars topptur i fotspor til Nansen som er sosialt og lærerikt! Har du alltid hatt lyst til å stå på fjellski, men ikkje turt, så finnast det guida turar i venneleg fjellterreng for nybyrjarar som ønskjer å lære seg grunnleggande skiferdigheiter.