CBIS 6111122
CBIS 6111118
CBIS 6111119
CBIS 6111120
CBIS 6111121
CBIS 6111123
Vis hele bildet
Voss

Guida vandretur til Oksen i Hardanger - Outdoor Norway

Bli med på guida tur til Oksen - ein topp med spektakulær utsikt over Hardangerfjorden!

Fjelltoppen Oksen (1241 moh) er ein klassikar som gjev deg panoramautsikt over fire fjordarmar av Hardangerfjorden - Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden og Granvinsfjorden. På klarvêrsdagar kan du også se til isbreen Folgefonna!

Vanskegrad:
Dette er ein krevjande fjelltur. Dei fleste klarar å gå heilt til toppen, men stien er ganske bratt på enkelte punkt (mellom 400 og 600 moh og mellom 800 og 1100 moh). Me tek fleire pausar undervegs - både for å slappa av og ta bilete.

Høgdeskilnad:
Me startar på parkeringsplassen på kring 250 moh, og går kring 990 høgdemeter til toppen av Oksen på 1241 moh.

Varigheit:
7 timar totalt (inkludert transport frå Voss).
Sjølve fjellturen tek kring 5-6 timar.

Sesong:
Frå juli til oktober - turane går klokka 10 kvar dag.

Pris: 800,- per person. Det må vera minst 3 påmelde for at turen skal gå.

Møtestad:
Basen vår er eit telt som står like ved Vangsvatnet, attmed Kulturhuset, og rett framføre Fleischer's Hotel og Voss Gondol.

Møt opp her 10 minutt før turen din skal starta.

OBS! Om det er mindre enn 3 personar påmeldt til turen - vil turen verta avlyst. Me tek kontakt med deg, og du får pengane dine attende.

Anledninger

  • 12 September 10:00
  • 13 September 10:00
  • 14 September 10:00
  • 15 September 10:00
  • 16 September 10:00
  • 17 September 10:00
  • 18 September 10:00
  • 19 September 10:00

Map