CBIS 6712641
Vis hele bildet

Himmelsong

Himmelsong er ein annleis julekonsert med vakre, tradisjonelle julesalmar frå Rogaland.

Bli med på jolekonsert i Osasalen! Himmelsong er ein annleis julekonsert med vakre, tradisjonelle julesalmar frå Rogaland. Den fagraste Rosa, Et barn er født i Betlehem, Her kjem me dine arme små, Mitt hjerte alltid vanker, med fleire, med lokale melodiar frå Egersund i sør til Karmøy i nord.

Somme av salmane er slike vi framleis brukar i jula, men gjerne med andre melodiar, andre er i ferd med å gå i gløymeboka. Her er salmar med innfløkte melodiske vendingar og forsiringar, og her er salmar med meir enkel melodiføring.

Publikum får høyra snodige, snirklete julesalmemelodiar med alderdomlege og høgtidsstemte julesalmetekstar i ein varm samklang med piano, keyboard og klarinettar.

MEDVERKANDE:
Åshild Vetrhus - folkesong
Andreas Ulvo - piano, tangentar, song
Morten Barrikmo - klarinettar, song

Pris fra 270
NOK /

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 06 December 16:00