Ingebjørgfjellet & Oksen
Vis hele bildet

Ingebjørgfjellet & Oksen

Ingebjørgfjellet er den mindre kjende “veslesystera” og nabofjellet til Oksen, som kan skilte med minst like fin utsikt.

Turen til Ingebjørgfjellet startar på Stokksel i Granvin. Frå Voss køyrer du til Granvin og Kjerland, så vidare mot Tveito i ca. 2 km, følg deretter Stokkselvegen til parkeringsplass.

Frå Stokksel til Ingebjørgfjellet må du rekne 4-6 timar tur/retur. Frå toppen er det spektakulær utsikt rett ned til Sørfjorden og Hardangerfjorden. Vel oppe på Ingebjørgfjellet kan du returnere ned same veg, eller velje å gå vidare bort på Oksen. Då går ruta vidare langs ein brei høgfjellsrygg, med utsikt heile vegen.

Turen til Oksen frå Stokksel er ein lang tur, her må du rekne 8-10t tur/retur. På grunn av trafikkaos og sterkt press på lokalsamfunnet ved startpunktet på Tjoflot, anbefaler me sterkt å nytte Stokksel som startpunkt også til Oksen.

Kontaktinformasjon

  • Destinasjon Voss