cbis:2608195

Jon Fosse: Hundemanuskripta, Tre Brør Kaffi og Vin, Voss

Jon Fosse, den fyrste nynorskspråklege forfattaren som har vorte tildelt Nobels litteraturpris, skriv i kjend stil djupt menneskelege tekstar, også sett frå hundekorga.

Hunden Websterr kjenner på ein nesten over øyvande utferdstrong. Han vil vekk frå det rolege og sutlause livet han lever med matmora si, ho gamle Oline, vekk frå dulling, dikking og trygge rammer. Fyrst då kan han endeleg få vera den han alltid har vilja vera – den einsame hunden Websterr.

Fabelen om Websterr, “Nei å nei”, er den fyrste av dei tre tekstane som utgjer Hundemanuskripta, ei samling tekstar som kom ut i 1995, 1996 og 1997. Alle tre tekstane er umiskjenneleg Fosse – underfundige, humoristiske og formsterke som alltid.

Framsyninga vart laga for Det Vestnorske Teateret våren 2023, og er støtta av Bergen kommune sine nynorskmidlar.

Medverkande:
Jon Fosse – manus
Kristine Alida Grønsdal Netteland – skodespelar
Heine Bugge – musikk
Frøydis Århus – idé og regi

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 23 Mar

Produktegenskaper

  • Vår