Vossapeikar
©Sara Finne

Koronavirus - konsekvensar for reiselivet på Voss

Her finn du samla info om korleis koronaviruset påverkar reiselivet på Voss

Voss Herad beslutta torsdag 12.mars stenging av skianlegga i Voss Resort og Myrkdalen Fjellandsby i perioden 12.mars og til 26 mars 2020. Det same gjeld Voss Gondol. Følg gjerne med på nettsidene for oppdatert info. Perioden er no vidareført til 13.april, før ny vurdering.

Turistinformasjon er stengt for publikum, men er betent på telefon 406 17 700 og e-post [email protected] måndag - fredag frå 09.00 - 16.00

Me rådar alle til å følge anbefalingane frå FHI og følge med på sida til  Voss Herad for oppdatert info om koronaviruset på Voss.

Overnatting

Voss Vandrarheim held til videre ope for overnatting, utan frukostservering. Opningstid i resepsjon er begrensa, send gjerne epost [email protected] eller helst ring + 47 9759 3888 for bestilling.

Scandic Voss har stengt inntil vidare. 

Eenstunet held ope inntil vidare.

Myrkdalen Hotel har stengt frå og med måndag 16.mars og inntil vidare. Følg med på nettsida for oppdatert info.

Store Ringheim Hotel held frå og med måndag 16.mars og inntil vidare stengt. Følg med på Facebook eller nettside for oppdatert info.

Rongastovo er stengt inntil vidare. 

Anna:

Vossabakst held opent - men med nokre begrensingar. Les meir her. 

Kringlo held stengt inntil vidare. 

Vossabadet held stengt inntil vidare.

Voss Vind held stengt inntil vidare. 

Voss Kulturhus held stengt inntil vidare.

Voss folkemuseum held stengt inntil vidare.

Wild Voss vil i perioden 15.mars - 13. april ikkje gjennomføre guida turar eller kurs. Ny vurdering etter påske.

Det er mogleg å ta ein tur til Voss Kaffebrenneri når ein er på Voss - ein kan melde seg på til brenning. Sjekk Facebook-sida her. Voss Kaffibrenneri finn du hjå Mjølfll Ungdomsherberge

Langrennsløyper

Voss ski- og tursenter melder 13.mars at langrennsløyper er køyrt opp på Facebook. God avstand i løypene er anbefalt. Me ber om at folk som er i karantene ikkje nyttar seg av dette tilbodet.

Snøforhold i fjella

Lurer du på korleis snøforholda i fjella er no? Sjekk Voss Utferdslag for oppdateringar her. For oppdateringar og råd om snø og skiføre på Voss kan du også finne tips på denne Facebook-gruppa. 

Arrangementvoss

Vossa Jazz (3-5 april) er kansellert, dette gjeld også Vossakveik 2.april og Festkveld med Hildo og Jonas & Fjeld & Kvarts i Gamlekinoen laurdag 14.mars.

Myrkdalen og Voss Resort avlyser også alle innandørs arrangement i næraste framtid.

Myrkdalen Barnefestival 13-14.mars, 80-tallsfesten den 21.mars, Jon Hjørnevik & Dagfinn Iversen 28.mars og Åge Stein Nilsen - "One Night with Queen" 7.april er avlyst.

Bavallaen og Bula Beanie Boogie garasjefest den 21.mars er utsett. 

Matbutikkar er inntil vidare ope som normalt, men følgjer strenge hygienetiltak.
 

Helsedirektoratet fatta den 16.mars vedtak - med hjemmel i smittevernloven § 4-1 andre ledd - om midlertidig stenging/kansellering av:

- Kulturarrangementer

- Idrettsarrangementer og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs.

- Alle verksemder i serveringsbransjen med unntak av serveringsstadar der det føregår servering av mat, det vil seia kantiner og spisestader som kan leggje til rette for at besøkjande kan halde minst 1 meters avstand.

- Servering av mat skal ikkje skje som buffet.

Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.

- Treningssentre

- Verksemder som tilbyr frisørtjenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking(piercing) og liknande

- Symjehallar, badeland og liknande

Vedtaket trer i kraft 12.mars kl 18:00 i - og varar i fyrste omgang til torsdag 26. mars 2020.

Oppdatert: 24. mars vart vedtaka forlenga til 13.april. Ny vurdering vert gjort i løpet av påska.