Ladies night på Vossabadet

Ladies night blei ein stor suksess, og me er klare med eit nytt event allereie 16. desember - set av datoen og meld deg på!
Dato: Fredag 16. desember
Tidspunkt: 19:00-22:00
Pris: 245,- inkludert 45 min sirkeltrening!

Timeplan ⏱
19:00: Oppmøte i Vossabadet, 2. etasje. (Du kan òg møte direkte i Vossabadet kl. 20:00 dersom du ikkje vil delta på treningsøkta, eller ikkje får plass. Maks 30 påmeldte til treninga!)

19:15-20:00: Sirkeltrening med PT Jenny Lindell. Trening som høver for alle nivå - du justerer sjølv kor mykje du vil ta i.

20:00-22:00: Vossabadet held ope for damene, no er det ladies only!


Det vert ein rolig atmosfære med dempa belysning, stemningsmusikk, produkt frå Vossabia, ansiktsmaske, frukt og nøtter, smoothieshots og noko forfriskande å drikke til alle påmeldte. Heile bassengrommet og badstova er til fritt bruk for dykk, flotte damer.
Produkt frå Vossabia (såpe, sjampo, skrubb) er tilgjengeleg i dusjen.
Kva vil du gjere?
Lese ei bok i badstova?
Symje nokre lengder medan du pratar med ein ven?
Tøye i terapibassenget etter treningsøkta?
Du vel heilt sjølv. Nyt fredagen med oss!

Påmelding:
Send e-post med namn og telefonnummer til [email protected]
Gi beskjed om du ikkje skal vere med på sirkeltrening.
Betaling ved ankomst Vossabadet (etter sirkeltrening for dei som er med på den.)

Påmeldinga er bindande.
NB: Det er same pris for alle, sjølv om ein har årskort eller klippekort i Vossabadet frå før.

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 16 Dec

Produktegenskaper

  • Vinter