Foto:
Sverre F. Hjørnevik
vennegjeng på langrenn i myrkdalen

Langrenn og fjellski

Nederst finn du oppdatert kart over løypene på Voss og når dei er trakka.

Det er ikkje utan grunn at det er så mange gode skiløpere frå Voss. Du har kanskje høyrt om namn som Sjur Røthe og Kristen Skjeldal.
Dei er begge frå Voss og har brukt mange timar i løypene rundtom i bygda. Her er ein oversikt over tilrettelagte løyper:

Voss Ski og Tursenter

Kveld i voss ski og tursenter

Voss ski- og tursenter er eit perfekt utgangspunkt for treningssamlingar for langrennsløparar, skiskyttarar, orienteringsløparar og terrengsyklistar. Arenahuset ligg i anlegget og syter for ei sosial ramme rundt effektive treningsøkter. Løypene ligg idyllisk til i skogsterreng som gjer at dei er verna mot vêr og vind.

Ved å starta frå Herresleitet kjem ein raskt inn i eit fantastisk turterreng, der det i dag er ei rundløype i Herresåsen på 12 kilometer. At løypa vert kalla “Juvelen” på folkemunne, er ikkje utan grunn. Fleire stader i traséen er det avkortingar, som gjer at ein kan koma raskare heim. Løypa vert preparert både for klassisk og skøyting.

Ved å starta fra stadion går ein rett inn i lysløypa og konkurranseløypene. Desse løypene er også kopla saman med Herresåsen. Ein får då ei kraftig stigning før ein kjem opp i Herresåsen.

Hangurstoppen, Voss Resort

Hangurstoppen sett frå langrennsløypa

Voss Resort har 18 km preparerte langrennsløyper i småkupert og familievennleg terreng. Ynskjer du ei ekstra utfordring er det mogleg å gå heilt frå Raugstad eller parkeringa i Bavallen. Då får du ei skikkeleg treningsøkt. 

Voss Gondol og Ekspressheisen i Bavallen tek deg opp til starten av løypenettet. 

Sjå større løypekart og meir info her. 

Årmotslia, Myrkdalen

Langrenn i myrkdalen
Foto: Sverre F. Hjørnevik

I Myrkdalen er det både lysløype og til saman ca 30 km med langrennsløyper.

Langrennsløypene i Myrkdalen er trakka for både skøyting og klassisk langrenn, men kan òg brukast som turløyper med fjellski. 

Etter skibrua kjem du først til Årmotslia skiarena. I mange tiår har den 5 kilometer lange rundløypa vore som ein andre heim for Myrkdølene på vinteren, med langrenns- og skiskyttartrening på kveldane og konkurransar i helgene.

Les meir om langrenn og fjellski i Myrkdalen her.

Langrennsløyper

Oversikt over preparerte løyper på Voss:

Oversikt over løyper i Myrkdalen: