CBIS 3144894
CBIS 3778027
CBIS 3778156
CBIS 3145056
CBIS 3145062
Vis hele bildet
Vossestrand

Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.

Dei fleste leilegheitene er privateigde – innreiinga og utstyret varierer difor frå eining til eining. Alle einingane har fullt utstyrt kjøkken, TV og oppvaskmaskin, bad med dusj/toalett og sofagrupper med salongbord.

Innsjekk og utsjekk er på det moderne fjellhotellet Myrkdalen Hotel som ligg i hjarta av fjellandsbyen. Som gjest i Myrkdalen Fjellandsby kan du nyta godt av fasilitetane på hotellet. Her er tre restaurantar, afterski og bar. Hotellet har også leikerom for dei minste og gratis WiFi om du har behov for det.

Obligatorisk utvask og leige av sengetøy
Utvask er obligatorisk på alle einingar i Myrkdalen Fjellandsby. Leige av sengetøy er også obligatorisk og kostar 150 kr per person per opphald. Handklede er inkludert i prisen.

Me har også 4 og 5 roms leilegheiter og hytter til utleige. Ring og bestill direkte på tlf + 47 47 47 16 00 NB! Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter og leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby

Innsjekk: Frå kl 16.00
Utsjekk: Før kl 11.00

Ved ledig kapaistet er det mogleg å bestilla tidleg innsjekk og sein utsjekk til kr 100 per time. Dette kan ein ikkje bestilla online, men send gjerne ein førepurnad til [email protected]

Bestill her

Kontaktinformasjon

Map